onsdag 25. november 2015

Klarinett


Eg har byrja spele klarienett igjen, 
etter 20 års pause frå korps...

 <3

Eg kjøpte min klarinett for ca 30 år sidan, 
ein Noblet -



...og eg har blese litt no og då...
men, 
det vart liksom ikkje meir enn det...

Behovet for musikk vart meir og meir viktig for meg, og i haust tok eg sjansen på å starte i ungdomsmusikken igjen.

HDU
Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikk



Dette er ein Sopranklarinett,
men det finst mange typar klarinettar.

Sjå berre her;


Eg klarar nesten ikkje beskrive den kjensla, 
meistringskjensla,
gleda,
livsgnisten,
som kom til meg - 
ettersom eg kom i gong 
<3


HDU hadde første konserten (min),
ein musikk-kafe 
på sjølve farsdagen
<3
No er eg i full gong med nytt stoff, 
og øver jamt og trutt til nyttårskonserten, 
ilag med ULF og HDU, 
som skal vere på Sjøborg 16. januar 2016

Der skal m.a. to store vokalistar vere med:
Bror Magnus Tødenes og Yngve Andre Søberg
Billettane er for sal f.o.m. 1.desember

Eg tenkjer; tenk at eg skal "kompe" desse ;)

Då eg var på "topp" for 20-30 år sidan, var eg så heldig å få vere med i Volda Symfoniorkester. Det er det gjevaste eg nokon gong har vore med på, reint musikalsk.
Då "kompa" eg m.a, Leiv Ove Andsnes og Simon Flem Devold

Ha ein fin lissjelaurdag då du <3

ANE

søndag 22. november 2015

Julemarknad på Tore-Garden


Tore-Garden <3
- eit paradis på jord, spør du meg...



...og for ein velkomst <3


Velkomen inn <3


Ein gamal utslagsvask, 
full av konglar, 
mose og to Noregs-glas med telys i...
så enkelt, 
og så fint <3


Sølvi Iren Haugen Leivdal, 
er sjølvaste hufrua på Tore-Garden <3


...så hjarteleg og tilstades <3


Versågod,- berre å forsyne seg...




...ein liten tur på Privaten!


Det var ein fin reportasje om 
Tore-Garden i
for ei god stund sidan...


...og det var grunnen til at eg fann denne vakre staden <3


På låven/ løda( som eg seier),
var det allereie julestemning...


...og mykje fint å sjå. 
Stemningsfullt!


Laurdag 5.desember er det
 Julemarknad 
her på tunet og i alle uthus og løde...




Tore-Garden driv også 


Eg, ANE - 
er så heldig å få vere med på dette <3


Om du vil sjå noko av det eg syslar med, 
er de velkomne til å sjå her 

<3

Og DU er hjarteleg velkomen på Julemarknad i Leivdalen, Nordfjord 5.desember <3