lørdag 30. januar 2016

GARNKULER



Garnkuler

Eit par veker før jul, var eg på sjukehuset i høve eit besøk... 
Eg møtte på eit par - kjenningar frå bygda.
Han hadde ein hobby/ lidenskap - 
GARNKULER,
knyte garnkuler, 
"bitte" garnkuler, 
eller kva kallar ein slikt?


Eg fekk denne garnkula, og lovnad om opplæring i garnkule-bitting/ knyting...
Eg vart so glad...for dette har eg etterlyst...nokon som kan lære frå seg handverket.
No skulle eg få lære det, og kjende det som om eg hadde vunne i lotto.


Eg har samla på kuler i mange år, og nokre har ikkje tauverk, 
medan andre...

...har tau...


...og ei ( og fleire) som er i ferd med å miste tauverket sitt...


 Sist veke var eg på besøk hos læremeister...


Stolt, glad og audmjuk kan eg vise fram mi første garnkule, 
som læremeister og eg har laga ilag <3


Her held eg på å spleise tauendar, 
noko som er veldig viktig å kunne, 
dersom ein skal "bitte"garnkule...


Øving gjer meister, så her er det stor aktivitet




I dag laga eg mi eiga garnkule, heilt åleine...
Eg er STOLT!


Medan eg laga dette, 
skreiv eg stikkord for framgangsmåte, 
tok bilder for dokumentasjon og som skal vere mi hugseliste vidare...

No kan eg spleise tau og "bitte" garnkule - iallfall denne type "bitting". Det finst ulike typer, og neste kursdag, blir det anna type "bitting". Eg gler meg allereie til neste gong.

Eg er snart klar for å lære frå meg vidare, og dersom nokon vil lære, så ta kontakt ;)
Elles er eg interessert i garnkuler...om nokon skulle ha liggande slikt...

Ha ein fin laurdagkveld der du er <3
Klem frå ANE