torsdag 28. juni 2018

Kvardagstankar

VEGEN

Livet er som ein veg...
Klarer du sjå føre deg ein veg framfor deg?
Dersom du teiknar vegen, eller fotograferer vegen, vil den vere brei der du er, og smalne etterkvart som den kjem lenger ifrå deg. 
...
Du set deg inn, gjer deg klar for avreise, med å sjekke speglane, rette på seteryggen og feste setebeltet. Endeleg klar til å ta fatt på reisa - livsreisa...
...
Alle livsreiser er ulike, fordi me menneske er ulike. Me tek utgangspunkt frå ulike stader, og ofte møter ein, ein eller fleire likesinna på vegen, men likevel er me ulike. Ved starten må me opp i litt fart, for å kome i gong...og innimellom må me bremse ned, bruke girane for å ikkje slite ut bremsene. Ved eitt og anna kryss, må me stogge heilt opp. Full stopp! Ettersom vegnettet omfattar fleire farande, møter ein stadige rundkøyringar... Den eine finare og betre enn andre, med pynt og skulpturar - som skal pynte på fasaden - fordi ein eller annan har for mykje pengar, og vil legge att eit merkje etter seg... 
Langs vegen møter ein stadig ymse skilt som skal rettleie deg på vegen, gje deg ein peikepinn på kvar du er på veg, korleis ein skal oppføre seg, og gjere deg merksam på det som skal kome...om vegen er svingete, smalare, har hindringar, og ofte er det store motbakkar, som gjer det tungt å kome opp, men som ved lågare girar hjelper deg fram - og i nedoverbakkar må ein også gire ned, for å sleppe slitasjane på bremsene...for ikkje å gløyme dei smale, holete og humpete stumpane...
...
Alle livsreiser er slik!
Nokre av oss møter andre og fleire hindringar enn andre, og må ta nokre fleire stopp, og nokre annleise rundkøyringar på vegen. Av og til må me parkere, ikkje berre på korttidsparkering, men langtidsparkering. 
...
Då er det godt at det finst hendingar og opplevingar som gjer det verdt å parkere, slik at ein får kvilt seg og samla nok energi til å fortsetje ferda...då er ein både meir konsentrert, og ein har fått erfart so mykje meir enn ein hadde tidlegare.
...
Alle turar gjer ein både meir modig og dristig, men også meir audmjuk <3 

...

Kvardagstankar frå fruANE




Versågod

På ymse sosiale media brukar ein ha "giveaway"!

Eg likar ikkje ordet - eg gir vekk eit  #miljønett -
dette gule, som heng på "hagesykkelen - 
til ein person som verkeleg ønskjer eit slikt for seg sjølv, eller for ein spesiell person. Det einaste eg krev, er at den som får miljønettet, skal bruke det, istaden for å bruke plastnett... 
So enkelt, og so vanskeleg, på same tid :)


Skriv i so fall ein kommentar her på bloggen, eller på Instagram @aneogstorsjal


Eg har fleire #miljønett på tapetet, og har ferdig nokre i fleire fargar - i tilfelle du vil kjøpe ;)

Dessutan finn du gratis oppskrift på Drops Design - dersom du vil hekle sjølv :)


Eg har eit tidlegare innlegg om Grøntnett her på bloggen - der kan du sjå dei ulike fargane...i tillegg til bildet under her.


Eg held meg til fagstrikk-butikkane, og kjøper garn der. Berre ein gong, har eg kjøpt garn på nettet. Eg angrar endå, på det kjøpet...fordi eg vil vere tru mot dei som driv eigne butikkar for slikt. 
Tenk at ein kan gå inn i ein garnbutikk, kjenne på garnet, leite etter fargar og kvalitetar :) 
og dei som  arbeider der, er faktisk spesialistar på sitt fag ;)

Kva gjer me den dagen me ikkje har garnbutikkar?


Dette er "restefest" - eit  #miljønett som er satt saman av alle garnrestar frå tidlegare miljønett, som eg har hekla ;) gler meg til å sjå korleis det blir :)

Frist: søndag 9. juli kl 09.00 

Del gjerne innlegget - slik at so mange som mogleg får vere med <3

Skap deg ein fin dag <3

Klem frå fruANE

søndag 24. juni 2018

Jonsok

NKS - Norske Kvinners Sanitetsforening
Der er det mange av oss som har gjort ein innsats, over kortare eller lengre tid. Eg var med i foreininga nokre år, og eg ser at det er ein fin ting å engasjere seg i. Dersom ein er ny i ei bygd/by, så er dette ein fin ting å kome seg inn i "klanen"på. Eg har ikkje engasjert meg her eg bur no, men der eg budde før, var eg engasjert ;)


På Hasund hadde dei pynta borda med sommarblomar, og rjømegrauten smakte godt, som vanleg.

                         
                                                                  Gode Greier
              har kjøpt seg Foodtruck, og kan soleis reise rundt på diverse tilstellingar i bygd og by, 
                                                med dei flotte produkta sine <3 
            Dersom foodtrucken er på dine trakter, nøl ikkje med å ta kontakt med dei for ein handel. 
                   Sløsjen er ettertrakta! Alt av syltetøy og anna mat er kortreist og heimelaga <3 
                                                   OG ALT ER SÅ ESTETISK <3 
                                                             Sjå gjerne linken ;) 
                                                 Eg kan anbefale det på mitt varmaste <3


Etter ei runde i Ulsteinvik, med eit par kunstutstillingar og "konsert" av Ulstein mannskor( der far min er med), og rjømegraut på Hasund Bygdahus... No oppfatta du heilt rett... Bileta og rekkjefølgja her på bloggen vart feil... Iallfall, so vart det Jonsokfeiring i Botnafjøra.

Me har "pussa opp" naustet til foreldra mine, og planen var at ALLE skulle vere der. Me vart diverre ikkje så mange som me håpa, men ferie andre stader var eit hinder...


Me hadde bålpannebål...


...som også var grill.


Reker, krabbeklør og grillspyd med ditto tilbehør stod på menyen :)


Kjekt at Sisi, frå Guangzhou, Kina vart med oss, og "flytta" inn i kofta som mamma har strikka for mange år sidan <3


MATVRAK


Krabbeklør ( frå Rema)...


...reker frå Rema...


...og Aioli og Ramslauk, frå Gode Greier <3


Bobby sneik seg imellom, der han kunne få ein godbit...


...og Roffen visste kvar plassen hans var :)


Pappa hadde med gitaren... Neste gong skal me ha songark ;) 
I "gamle" dager hadde han trekkspelet... Det må me gjere noko med til neste år ;)


Sisi & Jonas <3


Eline & Bobby <3


Levande ljos <3


...og oldemor-kos <3



Ein fin kveld, i godt lag...og fint ver til og med <3

Klem frå fruANE
<3

søndag 17. juni 2018

Kreta

Kato Stalos


Eg hadde lese alle bøkene til ein viss forfattar, som har stor kunnskap om Kreta...og det vart vår impulsive ferietur i år... 


Me har vore på Kreta før... I 2011, den sommaren det small i Oslo og på Utøya :( 
forferdeleg å vere i utlandet då, når ein helst ville vere "heime" <3
<3
Det hadde gått 7 år sidan sist, og denne gongen var det berre me toane <3 
ein retteleg kjærestetur <3 
mannen min og eg <3

Ut på tur, aldri sur...

Eg vil ikkje seie me er typiske charterturistar... Har berre gjort det ein gong før... Likevel!
 Det er trygt og sytalaust ;)
Å reise med eit selskap som tek seg av det meste, er heilt greit...
;)
Me bestemte kva me skulle gjere på, og kva me skulle ete +++, altså :)


Ved bassengkanten kunne eg koble godt av med ei bok ;) Forresten så var det svært sjeldan eg sat der ;) Elles var eg å finne på stranda, under ein parasoll, med litt solsleikjing tidleg og seint på dag, og under parasollen for det meste, med ei bok ;) 
Eg las mange bøker ;) 

HERLEG!
Me hadde vårt eige bibliotek, faktisk ;) på mange språk :)
Der fann eg mange bøker eg ville lese...

"Utan mat og drikke, duger helten ikke".-
og iallfall ikkje me toane <3
Sååååå mange spanande rettar å finne,- på dei ulike restaurantane rundt omkring i den vesle landsbyen me budde i... Eg likar å prøve nye rettar kvar dag, men sant å seie så vart salaten den beste ;) 
og etter kvart måltid fekk me ein Ousu eller Raki attpå ;)


Berre for skams skuld... Heklet var med, men lite gjort ;)


Chania - Xhania - Hania 
kjært barn har mange namn <3




Han karen her, og eg - utveksla litt "handarbeid" ;)

- ein nydeleg liten by, med sine sjarmerande små gater og smug, med "room for rent" dei fleste stader, restaurantar og souvenir-sjapper... Det aula!!!

Eg hadde lese om Repsina...og måtte prøve... Det var ikkje etter min smak!


To stk skattar, frå ein av dei mange strandturane :) 




I ei av dei mange koselege smågatene i Hania <3


...og der fann eg Snopekoppar også... Denne gongen, som eg skulle ha i øyrene ;)


Manolis Taverna - Restaurant...som noko av "Kretadøgn" handlar om...

...ein koseleg stad, utanfor allfarveg...og vel verdt eit besøk ;)

Denne kvelden feira me 58 års dagen til gemalen, og var så heldig å vere saman med eit anna par <3 Veldig koseleg kveld <3

Siste dagen på solsenga...
Denne boka hadde eg med sjølv, mellom stive permar...noko som eigna seg dårleg på ei solseng, fordi det var vanskeleg å halde. Men på "biblioteket" fann eg pocketutgåva, og det var mykje meir behageleg å halde, når eg låg på solsenga ;)
og so berre flytta eg bokmerket over i mi bok, med dei stive permane...når dagen gjekk mot slutten...

Å kome heim <3

Når ein har vore på tur ei stund, lengtar ein heim - heldigvis <3 
Det å stå opp neste morgon,- gå ut i hagen,- plukke blomar,- dandere dei i krukker og vasar - er heilt vidunderleg - ei lukke på jord - og så vite at ein skal ha familie til feiring av 20 åringen i huset litt seinare på dag, feire på etterskot, min kjære 58 åring <3 

Heim, kjære heim <3