søndag 27. januar 2019

Kunsten å leve livet

Eg kallar meg for akademisk livsnytar!
***
Ein psykolog sa til meg ein gong for mange år sidan "Du skulle kalla deg akademisk oppvaskar". Eg arbeidde ei stund som vertinne, og hadde mange oppgåver...deriblant å vaske opp. Det var så godt å rydde opp, og sette oppvasken i maskina... Han synest tittelen passa så godt! 
No er eg ein akademisk livsnytar!
(akademisk, fordi eg har akademisk utdanning)


Eg elskar å brenne bål,
og luktar veldig ofte "bål" :)


Eg synest det er kjekt å "dandere"
tinga eg lagar, på ulikt vis :)


...som denne, i ein utslagsvask, og
som heng på uthusveggen...


...eller på ein "pidestall" i gangen...


Frå Instagram;

"Har du høyrt"?, sa den eine til den andre...
***
Tenkjer me over kva som blir sagt til kvarandre? Treng det seiast, og kva om me framsnakkar, istaden for det motsatte? "What a wonderful world..."❤️ #framsnakking #gleding
***
#handstrikka #storsjal #egendesign og #enrica #lue i#dropsdesign - #dropsbrushedalpacasilk 😊 til sals i mange fargar 😉😉😉enkeltvis eller sett...

***

Psssst...desse "tinga" er for salg...og du finn det på Instagram-kontoen @aneogstorsjal

Det er sjeldan eg "berre" blir sitjande å sjå fjernsyn, utan ein plan...men då som oftast med eit strikk mellom hendene.
Denne søndagen var spesiell, fordi eg "datt" innom to program heilt tilfeldig. Eg hadde sett handballfinalen mellom Norge og Danmark, der Danmark var desidert best. Eg har ikkje sett på dei andre handballkampane, og er ikkje så interessert i å sjå på sport, så då kanalverten introduserte "Gråtende hender" på NRK2, slo eg over dit...
Du finn den her
... en komplett forestilling, sterk, bevegende, viktig og nesten helt uten sidestykke i norsk teater. Jeg nøler ikke med å si: Den burde vises for alle elever i videregående skole. Vi har ikke tid og råd til å la være.


Julerose - har kunsten å leve...


Eg ser Les Miserables kvar søndag kveld...og vart sitjande etter det... 
Neste program starta - 

Noen av Norges mest populære og anerkjente kunstnere deler personlige historier om kunsten, livet og veien til suksess.
***
Kari Steihaug utdannet seg til tannlegeassistent, men innså feiltrinnet. Nå leter hun etter det utslitte og etterlatte og viser oss hva som virkelig har verdi. Steihaugs verk forteller om generasjoner og arv, ivaretakelse og fornying. Kari Steihaug tok i mot oss i sitt atelier på Hovedøya. 


Dette programmet gjorde også inntrykk på meg, og sette i gong prosessar... Eg burde ikkje legge meg, for "det" var noko som måtte ut... Eg har eigentleg alltid hatt eit behov for å uttrykke meg på ymse vis. Difor er eg glad for å ha denne bloggen, ein arena der eg får uttrykt meg med bilder og tekst av det eg held på med. Det fine med blogg er at det er ingen som fortel kva du skal, eller ikkje skal...


 Dette bildet viser starten på Årsteppet - 
eit prosjekt der eg heklar ei rad for kvar dag i året - 
og bursdagar til familie og venner vert uttrykt med ein annan farge...


Dette prosjektet er noko eg held på med på hytta - 
eit restegarnprosjekt - 
log cabin strikketeknikk


Sidan småfuglane skal teljast denne helga, 
legg eg ut bildet av dei strikka fuglane eg hengde ut...

Ha ei kreativ veke <3

klem frå fruANE

mandag 21. januar 2019

Inspirasjon


Kva inspirerer deg? 
Kva, evt. kven blir du inspirert av?

Kaffelars <3

Tenk deg ein Kaffelars...full av god kokekaffe, gjerne bålkaffe...som gong på gong vert fyllt, og delt utover...som smakar godt, og ikkje minst gjer godt. Det er sunt med kaffe, endåtil...

Slik kan det vere å bli inspirert også...av ein Kaffelars <3

Klem frå fruANE<3

lørdag 19. januar 2019

Laurdagsunderhaldning på TV

Forrige laurdag var eg på nyttårskonsert, ein strålande kveld med søskenmiddag etterpå.

I kveld vart eg sitjande å sjå på NRK 1 - 
"Alle mot ein", og var aktiv med å gjette. Veldig underhaldande og kjekt...
...for det er vel det underhaldning skal vere?

Neste program var "Den ultimate agent"
 - og vart vel eigentleg sitjande å følgje med, medan eg strikka på ei hue...

Tanken min...
MÅ ALT VERE SÅ POMPØST?

Så skulle "Magnus" snart starte. Eg vil ikkje sjå det... Programreklamene for det programmet har vore nok, for å seie det slik... Nrk skal ikkje få rekne med mitt sjåartal på det programmet... 
Eg var snar til å skifte kanal...

...og over til TV 2 - Skavlan 
Der sat unge Greta Thunberg og fortalde om engasjementet sitt.
Eg vart rett og slett så imponert <3

Ho er 16 år, og allereie ein kjend miljøaktivist
Ho har allereie utretta store ting :)

Greta Thunberg

Ho tek tog, streikar, syklar dit ho skal, dyrkar mat, slutta å ta fly, saman med foreldra sine - og har fått mor si til å jobbe med musikalar i Stokholm
(tidlegare reiste ho rundt om i verda som profesjonell operasongar - med fly)

Så slo tanken min inn...
Kvifor må fjernsynsunderhaldninga skje med så mykje pomp og prakt, langt heimanfrå( jfr Den ultimate agent, Mesternes Mester, Seks ledd på 6 dagar( eller noko slikt) og med endå fleire program eg ikkje hugsar namnet på...), og alt skal skje med fly og farting...som er ei fare for miljøet...og skal koste så forferdeleg dyrt...

Det enkle er ofte det beste...

Hoppe av hamsterhjulet, som ho Greta sa... Utruleg klok jente <3

God kveld!

onsdag 2. januar 2019

ÅRSTEPPE

Eg har starta det nye året med eit 
Eg ser på Instagram at det er mange som har gjort dette tidlegare.


Eg skal bruke desse fargane( frå restelageret mitt). Målet er å hekle ei rad i desse fargane for kvar dag i det nye året...

Den 1. i kvar månad skal vere svart, for å markere ny månad. Bursdagar og spesielle dagar vert markert med andre fargar ( bursdags"barna" skal få velje sjølv). 

NB! 
Vil du vere med i årsteppet mitt, ved å skrive inn fødselsdagen din, som kommentar, eller mld., om fargen du vil skal markere din dag? 
Fargen kan vere kva som helst frå garnlageret mitt ( det er mangfaldig ;)
Det blir spanande å sjå etterkvart - eg postar på Instagram @aneogstorsjal kvar mnd. :) 

BLI MED <3

Er dette ein ide for fleire? 
Pssst! Alternativ er strikking, sying og andre måtar å lage teppe på...

Skap deg ein fin start på 2019 <3

Klem frå fruANE

tirsdag 1. januar 2019

NYTTÅRSKONSERT

VELKOMEN 2019 <3

Tradisjon tru, startar 1.januar med Nyttårskonsert frå Wien - 
Wien filharmonien kan du lese om her.
Nydeleg utsmykning

Stort orkester i svære omgivelsar

Treblåsarane

Harpe og diverse

Blåsarane

Folket - kven i all verda betaler opp mot kr 10.000,- for ein billett?

Strykarane

Dirigenten

Eg er glad og fornøgd, der eg får sitje i sofakroken med strikk, kaffe og litt sjokolade - nyte musikken og innslaga med balletten, dei vakre bilda og berre kjenne på at eit nytt år med nye moglegheiter ligg framfor meg...

GODT NYTT ÅR!