lørdag 3. oktober 2020

Takknemleg

Eg kjenner på ei enorm takknemlegheit for tida <3 

sidan nedturen snudde, denne gongen også. 

Eg veit nedturane er ein nedtur, og at nedturane snur...eingong! 

Og brått er ein på "stigande" ( so ho sa "kjæringja...") 

:)



Tenk;  berre det å dekke på med kvit duk
 ( ikkje kva som helst duk faktisk, men ein over 100 år gamal engelskbrodert duk, etter oldemor mi ) 
til helga...markere helga med den, og ta inn blomster frå ein "utsleten" hage, og setje blomane i vasen etter farmor...




...fyre i bålpanna ein søndag føremiddag ( midt i kyrkjetida), kose oss med kaffe og nybakt eplekake( epler frå epletreet i hagen), og lære eine døtra "hjørne til hjørne"- hekleteknikk. 
Ho skal hekle babyteppe til ei veninne <3 
Luksustid <3


Så kom gemalen utpå ettermiddagen og inviterte med på "motorsykletur" 
( motorsykkeltur, men likar so godt ordet "motorsykletur"). 
Klart eg ville <3
Det vart ein stortur... Først med eplekakerestar til andre døtra i Vanylven, over Maurstadeidet til Bryggja, Nordfjordeid( der bildet er teke ved Sagastad), over Stigedalen, rundt Austefjorden, med eit stopp  på grava til farmor og farfar, tante Eva og onkel Olav <3 <3 og heim <3


...finne fram Hjørgot sine "saker" og planlegge "Haustmesse" ein annan ettermiddag...


Sitje ute i ettermiddagssola og lese manus til Kyrkjespelet "Eg spelte på fløyte"...
Tenk å få invitasjon til å vere med på noko slikt? 

Eg kan ikkje røpe noko særleg, berre at eg skal vere skodespelar, som "Oluffa" på Kyrkjespelet i Ulstein sokn, - våren 2022 <3


...og gå på fjelltur... 

Eg starta med eit sterkt ønske om å kome meg opp bakkane bak huset vårt i Solsida, til Garnestua...  
Det gjekk, og kjempeglad for det <3 og turen til Perlå etterpå <3 


...og så kome heim for å sjå den fine nymåla veggen i stova <3 <3 <3 


Då er det ei sæle å få lage eit godt måltid...og dekke "bruktkjøpbordet" der det sømer seg... 
Artig å finne nye stader å ete maten sin... Bordet må liksom "flytte på seg" nesten kvar dag...alt etter kvar me held på i oppussinga. 

Det er enormt mykje å vere takksam for <3 og i råsa i dag, fekk eg "lag" med ei dame... 

Me snakka om mangt og mykje, men det som står att er å kjenne på takknemlegheit over dei små tinga i kvardagen <3


Kva er du takknemleg for?

Klem frå fruANE<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar