mandag 25. oktober 2021

Karstenhåsinnje

Dette var merkeleg... Eg hadde skrive dette innlegget for lenge sidan, men... Eg hadde skrive framgongsmåten til Karstenhåsinnje her, men det kjem ikkje fram... Dokke får heller høyre "Vidioennj" på sida til Hjørgot på FB, eller på IG @hjorgothaddal. Håper dokke får det til ;)

fredag 16. juli 2021

Vestland

Utsikt frå garden Bergslett, 

Tvinnereim i Randabygda, 

Stryn i Vestland fylke

- frå uteplassen der Eline-vår & Ruben bur.

Klatreplanta "Humle" i framgrunnen <3


Her er me på besøk i Astruptunet
midt på Jølstervatnet


Diverre var store delar stengt grunna vasslekasje og utbetringar. Dette burde stå skrive ein stad...slik at langvegsfarande ikkje tok turen forgjeves... Må seie eg vart skuffa :( 

Heldigvis kom me innomhuses ;)


Lauget Kaffe-og kultur i sentrum av Sandane  <3

Dodøra <3


Trivselsskogen med Kjærleiksskogen, 
til Draumekvila/Dagsturhytta og 
Utsikten(359 m.o.h) og Holvikfossen.

Lokal SAFT til turen <3

Kjekke "møter" på vegen <3

"Ei hand å halde i..."
- for det var bratt, både opp og ned :)

Utruleg godt arbeid av sherpaer <3 <3 <3

Takk for fiiiiin tur, kjære turven og gode Vinjar <3

 fruANE<3

søndag 11. juli 2021

På sommartur til Hjørundfjorden

                                      Pappa og eg for på sommartur til Bjørke i Hjørundfjorden                                           - for å få med oss opninga av årets utstilling i Bakketunet + + +


Sjå Bakketunet sitt program for sommaren!

Pappa <3

Inne frå Kufjøset - mot smia


Her har Bent Erik Myrvoll utstilling - i kufjøset!


Han fortalde om korleis kunsten vart forma
 - ei særs interessann innføring.

Inne i kufjøset - "Stein på stein"

I smia


Les om Astrid og Marita

I dei mange husa i tunet, finn du utstilling både av Astrid, Marita, Simon Vågsholm, Håvar Emdal, Gunn Vottestad og Hilde Rosenberg Barmari ( sjå programmet).

Du får også kjøpe strikkepakkar til Hjørundfjordkofta/Kukofta.

Av Marita Bett Aakre

Lurt å ha fisketroa i bilen... Viddal!

"Ta ei bok!"




Besøk Postkjellaren - Posttausa - nesten nede ved sjøen <3 


Kombinert postmuseum, sal av eigen-produserte varer
( gjerne re-design) og nauta gode kaker/ kaffe.


Eg har vore innom Alvhild mange gongar desse åra Bakketunet har halde sommarope... Det var først i dag at me fekk vite me er firmenningar <3 Skareslekta er stor!
Fole gildt å sitje der på den utandørse kafeen, med god prat, kaffe og rabarbrapai&is <3

Ta deg ein søndagstur til Bjørke i sommar, og sjekk ut når det er ope på Postkjellaren <3

fruANE<3


mandag 5. juli 2021

Klutestrikk og drøs

Klutespøt og drøs... 

Når ein sit med eit spøt/ strikk, so tenkjer ein først og fremst på mønsteret/ oppskrifta...men når oppskrifta "sit" i hendene, kan det vere skjære meditasjonen å sitje slik. 

Desse to. nei det vart tre klutar - det er slike "terapiklutar". Dei er henta frå Drops Design sine gratisoppskrifter. Eg hadde løyvd tre nøster Paris-bomullsgarn, etter ein kjole eg strikka tidlegare i sommar/ vår( når eg starta, vel og merke). 




Det vart ein tredjeklut også...alle tre i ulike mønster ;)


So over til drøs...

Det er frustrerande å ha så mange ord inne i seg som vil ut, men når orda først skal formulerast blir alt så komplisert. Orda inne i meg er tankar, berre!
Det å lese romanar av ulike forfattarar gjer at eg også har lyst til å skrive... Ikkje sånn å forstå at eg kan likestille meg på noko vis. Nei!!!
Eg har nokre  utkast etter som åra har gått, men kjem ikkje lenger... Kanskje det er nok? Det er slett ikkje sikkert eg skal skrive noko bok, men vere fornøgd med det eg skriv i dagboka, her på bloggen, nokre word-dokument og notat på mobilen. 

Ketil Bjørnstad skriv so fint: 
" Den evige tvilen. 
Å være skapende er å tvile". 

Slik er det, berre!

Skap deg ein fin dag/kveld <3

fruANE<3


Det er frustrerande å ha så mange ord inne i seg som vil ut, men når orda først skal formulerast blir alt så komplisert. Orda inne i meg er tankar, berre! Det å lese romanar av ulike forfattarar gjer at eg også har lyst til å skrive. Eg har nokre utkast, men kjem ikkje lenger enn det. Kanskje det er nok? Det er slett ikkje sikkert eg skal skrive noka bok, men vere fornøgd med det eg skriv i dagboka, her på bloggen og notat her på mobilen. Ketil Bjørnstad skriv : "Den evige tvilen. Å være skapende er å tvile". Er det verkeleg slik fatt medha så mange ord inne i seg som vil ut, men når orda først skal formulerast blir alt så komplisert. Orda inne

torsdag 1. juli 2021

Den Trondhjemske postvei

Bli med oss på Den Trondhjemske postvei

Vinjar og eg gjekk frå Ljøen - via Ljøsetra til Brekkeskaret. Der såg me ruta vidare ned mot Herdalen, men sidan me hadde bil på Ljøen, måtte me gå tilbake same veg. Me snakka med folk som hadde bilar begge stadane... Det hadde me ærleg talt ikkje tenkt på. 


Her starta ruta, like ved utsiktspunktet på Ljøen
( midt mellom dei to svære tunnelane etter Hellesylt, mot Stranda).


Nydelege stiar/vegar


Spønhaugen!

"Her på Spønhaugen var det stor aktivitet med vegbygging frå 1938. I området stod både ei brakke som husa arbeidarane, og eit heishus knytt til taubana.

 Frå 1920-åra var det planar om bilveg mellom Ålesund og Nordfjord, via Stranda og Sunnylven. Tre ulike alternativ vart utgreidde: 1.; veg gjennom Moldskreddalen, 2.;veg over Ljøfjellet og 3.;veg til botnen av Herdalsdalen, 800 meter tunnel gjennom fjellet og veg inn mot Spønhaugen og vidare i svingar ned til Ljøen. Siste alternativet vart valt, og i 1937 kom det opp brakke på Spønhaugen der arbeidarane skulle bu. Det vart òg bygd taubane frå Ljøkaia til dette området for å frakte opp materiell til anlegget. Heishuset står enno, men litt lenger ute på vegen. 

På det meste var over 40 arbeidarar og to kokker i sving her. Sjølve vegarbeidet tok til i 1938, men vart stogga av tyskarane i juli 1941. Det vart også utført litt arbeid på Spønhaugen somrane 1946 og 1947.
Vegmurane i området viser kva arbeid som vart utført gjennom desse åra. Dette er fagarbeid av høg klasse.

I 1956 vart det bestemt at ein skulle velje ei lågare rute med tunnel til Herdalen, og det opphavlege prosjektet vart skrinlagt. Studer dei flotte vegmurane, og gå ut langs vegen. Vegmurane har namn etter dei som var arbeidsformenn for dei ulike murane.

Den Trondhjemske postvei går òg forbi her. Ruta frå Ljøen til Herdalen i Strandadalen skal ha vore den mest krevjande på heile den 80 mil lange postruta mellom Bergen og Trondheim.

Nybø-muren

Mattis-muren


Utruleg!!!


Hit, men ikkje lenger gjekk vegen.

Her ser ein tilbake på vegen som vart bygd.

Ljøsetra - med "Stikk ut"- plass ;)


Nydeleg natur!

Nykkjevatnet, men ingen "nøkk".

Kremarvatnet

Til endes,
på Brekkeskaret,
med utsikt nedover Herdalen

Utruleg flott utsikt <3

 Me bestemte oss for å gå motsatt veg, dagen etter...

På camping, med suppe på primus ;) 

DAG 2

Frå Ljøen - Ljøen kai

Ljøen skule -
der vår lokale guide var siste 1.klasse-elev,
 før skulen vart nedlagt...
og dei måtte bu hjå slekt i nabobyga for å gå på skule
.
Fin turveg

Litt rå muskelkraft måtte til... ;)

Flott og herskapeleg trapp

Tidens tann...

...og over ei lita bru...

Hyll i Synste Møre-koppen...
som vart til deileg te :)

Ljøenfossen

I fjørasteinane

Muren etter første Ljåen-verkstaden.
Vår lokale guide fortalde at han som starta opp Ljåen i Ålesund,
starta her med å reparere båtar...
Altså ein skikkeleg grunder!

Me toane <3

Opp att i tunet til vår lokale guide :)

Så tok me bilen gjennom tunnelen til Herdalen...

Frå Herdalen - Brekkeskaret


Herdalsneset!

"I 1930-åra vart det starta vegarbeid her som ein del av prosjektet med å få bilveg mellom Ålesund og Nordfjord". ( sjå tekst om veg tidlegare i innlegget).

"Turruta her er ei av dei mest brukte i Stranda kommune. Det er ein flott tur i seg sjølv, men ruta går òg tett på verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som er det einaste naturområdet i Noreg på verdsarvlista til Unesco. Turruta er ein del av Den Trondhjemske postvei mellom Bergen og Trondheim, oppretta i 1785. Restaureringsarbeidet er utført  av Ljøbrekkas vel, som vart stifta i 2013. Sjølve arbeidet starta i 2014, og fullført 2020".

Sving nr. 1( av i alt 22)


Nydeleg natur <3

På toppen av
Brekkeskaret <3

Langt ned igjen...og bratt!


Då avsluttar eg med dette fantastiske bildet <3

Me har gått maaaaaange steg...og fått to nye "Stikk ut"- registreringar :) 

Takk for turen <3 

fruANE