lørdag 29. august 2020

NORGING


Eg hadde ikkje høyrt om #norging, ikkje før eg las om det i ein kommentar i lokalavisa. 

Det er ein hashtag som vert brukt på instagram - der skrytebilder vert lagt ut på alle dei turane 

    folk har hatt i sommar...

Det rare er, at når eg googlar "norging", finst det ikkje...

... 

Nei, eg har ikkje brukt #norging på nokon av mine innlegg.   

...

Det har ikkje vore mykje padling med meg denne våren/ sommaren diverre... 

Gleda var difor STOR då ei veninne foreslo å padle ilag. Me har gjort det nokre gongar før, men det er foooole lenge sidan sist.                    

                      Eg fekk god hjelp til å få kajakkane på taket, og leita fram utstyret. 

Det vart  kveldspadling ...                              


Vakre Haddal <3


...ved ein "fjellvegg" - rundt Griseholmen, ikkje langt frå Kjeldsund.


Kveldspadling er vakkert - når ein tek seg tid til å nyte <3

...
I går tok eg ein tur igjen, sidan kajakken allereie låg på taket på bilen ;) 
Denne gongen var eg åleine.
Det fine med å padle åleine, er at ein bestemmer alt sjølv... 
Eg vart køyrt til Osnessanden i Ulsteinvik. 


Vinden stod litt "på", så eg kryssa utover mot Peholmen og nordre Kloholmen, vidare langs søre Kloholmen og Skarveskjeret...og mellom der, er det rett til havs, og på bildet ser ein Håkonsholmen framfor baugen på kajakken, og Vattøya lenger ut til høgre. Tenk om eg får til ein tur dit ein gong...meir hav enn øyar og skjer... Det må vere blikkstille sjø, tenkjer eg... 
Drøyme! Drøyme!


...

Så snudde eg nasa mot Roparholmen og Kalvøya, og fekk god hjelp av vind og bølger. 
Dimnaneset og kyrkjespiret i Stokksund i det fjerne( om ein har lasersyn).


Kalvøysundet, med Borgarøya bak...



Det er mange idyllar, som her ved Terneskjera...


Kjeholmen er den siste i rekkja av dei små holmane på rekke og rad, 
før eg kryssa mot Dimnaneset. 
Her var det verkeleg god hjelp frå vindretning og bølgjer... 
Herleg å ri på bølgene :)


Dimnaneset med fyret rett fram...


Godt og velberga inn mellom ein holme og eit skjer på Dimnavikja, med utsikt mot Herøybrua til venstre på bildet, naut eg medbragt brødskive og drakk vatn. 

 
Og her i Blikkvågane - medan eg venta på "hentebil", låg eg langstrakt i graset...soooo godt å få strekke på beina, og ligge langstrakt med ryggen...

Eg var godt fornøgd <3
Det er meistring <3

Klem frå fruANE<3




 




lørdag 15. august 2020

HAGEN MIN

 Eg elskar hagen min <3

...med den kvite benken, ved bålpanna & kaffekjelen...
 alle blomane og oasane som finst...

Uthusveggen med to gamle utslagsvaskar frå fjerne tider... Potetkasser, som eg har hengt rundt omkring på uthusveggar og terasseveggar, med diverse pyntegjenstandar, frå her og der...med eit lite historisk sus over seg...

Onkel Olav sin gamle sykkel, med Blomkarse i sykkelkorgene...
og hekla blomster- og strikka hjerter i urtegrytene. 
Jerngrytene kjem frå Hagebø <3 <3 <3  
 3 stk. Norgesglas med steinar frå Island, Kreta og ein konfirmasjon( bordkort i Jenny sin konfirmasjon)...alle tre med regnvatn i...
Tønner, som i si tid var "blåser" for båtane bort på Vågelegane <3 
Tre garnkuler - utan tau...ligg og flyt i dei gamle emaljefata frå Hagebø...


Solparasollen, a kr 35,- frå NMS bruktbutikk, i ein hesjastrengtrommel ( fungerer fint som bord og stativ til solparasollen). Skinna i stolane er bilskinna frå Vinjar( mannen min) sin bil, ein Mazda tidleg på 1980 talet. 
Krakken, er halva av ein stol frå farmor sitt kjøken ( ein likedan som står inntil veggen). Bordet inntil veggen, er halva av eit bord( andre halva har me som bord m/ skuffe i inne i gangen). 

Kveldssola steikjer godt, og eg nyt eit glas raudvin, gjerne med ei bok eller eit strikk...
 Krukka på bordet kjem frå farmor si bestestove < 3
 og
 i trekassa
under bordet ligg litt av samlinga mi av garnkuler som eg har bunde sjølv <3
 Eg lærte det av ein eldre mann for eit par- tre år sidan :)
 Eg er skikkeleg stolt av denne kunsten :)
Det raude hjartet strikka og tova eg for ein del år sidan...


Endene som sym i eit gamalt emaljefat, kjem frå Ebeltoft,
 og er eit suvenir frå teltferien i fjor sommar <3 

Heilt til slutt vil eg at du skal lukte på erteblomane mine,
 eller iallfall forestille deg at du kjenner lukta der du sit
 <3 <3 <3

Ha ein fin-fin laurdagskveld <3

Klem frå fruANE

mandag 10. august 2020

OLDEVATN CAMPING

 Gode dagar på Oldevatn  camping, ilag med min kjære, bror og svigerinne <3 <3 <3


...og for å teste ut bilteltet (som me kjøpte på salg i fjor haust). 
Sommaren vart ikkje som me tenkte nokon av oss, så det var utruleg fint å få denne turen ilag <3 <3 <3 håpar på fleire, neste år...


Litt turing...


Utsikt mot Oldevatn camping...


Strikk & kaffe ved elvebredda/ vasskanten...


Resteteppe!


Kanotur med skoa mine...


Mykje latter med desse gode folka <3 <3 <3

TAKK FOR LAGET!

lørdag 1. august 2020

BRYLLAUPSFEST

    
Endeleg vart det vår tur til å feire brudeparet Sisi & Jonas <3 

Sisi og Jonas gifta seg i heimbyen Shenzhen, Kina - 23.august 2019


...med hennar foreldre og søsken <3


I går var næraste familie samla rundt langbordet her heime
 <3 <3 <3
 etter laaaaang ventetid på immigrasjon og omsider innreise til Noreg og karantenetid...



Sisi & Jonas <3


Det var ei ære å ha selskapet heime hjå oss <3


...og ei sann fryd å vaske snopekoppane, etter ein nydeleg dag <3 <3 <3

 
Alle gjestane fekk ei puslespelbrikke kvar, 
som dei skulle legge på brettet, 
 som skulle bli eit lite minne frå dagen...
- og bak på puslespelet står talen frå meg, til brudeparet <3


Og i dag var berre me fire på ein liten fjelltur - like blide alle ihop <3 <3 <3 <3


Eg kjenner meg så takknemleg <3 <3 <3

Klem frå fuANE <3