onsdag 29. august 2018

Vikartimen

Eg gjekk inn gjennom ein overfyllt gang, heilt i enden av det store bygget på den vidaregåande skulen. 
Eg skulle vere vikar i biologi, ein dobbeltime, og fekk vite det då eg kom til skulen, etter ei tidleg oppringing same morgon. Eg likte å få desse oppringingane. Nye utfordringar fleire gongar i veka.

Eg hadde aldri undervist i biologi, og var veldig usikker på korleis eg skulle gripe denne utfordringa.
Rom 201 stod det på døra. Eg retta ryggen, heva hovudet og blikket, idet eg opna døra og steig innanfor dørterskelen. 
Ungdomane sat her og der, i små og større klynger, nokre åleine, med headsettet på hovudet, stirra ned i telefonskjermen... Klasseromet såg ut som eit bomberom, men var ikkje det. Det var meir eit lager.
God morgon, sa eg, idet eg gjekk fram til enden av klasseromet, der kateteret stod. Eg tok meg god tid, og leitte fram bøkene eg hadde fått i hendene då eg kom...og lurte på koreleis eg skulle starte denne timen.
Eg hadde fått tildelt ei klasseliste, med 22 namn.
Det var kaotiske tilstandar i klasseromet, og bestemte med for å gjere noko heilt anna...enn å ha namneopprop.

Kva er biologi?, spurte eg... ingen reaksjon!
Så eg leita fram mobilen min, og tasta "biologi" på google...
...og las så opp det eg fann...

Biologi er læren om den levende naturen og dens organismer (av gresk βιολογία, dvs. bios [βίος] = liv, og logos [λόγος] = lære). En faglært tituleres i et samlebegrep som biolog. Biologer er naturvitere.

Er dokke naturvitarar? spurte eg...
Fortsatt ingen som svarte, men eg såg at nokre virka interessert.
OK, sa eg...
Er dokke levande organismer då?
Ja, kom det søvnig frå venstre ving.

Kva er eit menneske? spurte eg så...
Då vart det endå fleire som snudde hovudet rette vegen.
Me skal gjere eit forsøk, sa eg og ba dei stille seg på ei rekkje langs vindaugsveggen.
Dei som meiner dei er eit menneske, set seg på plassen sin...Alle sette seg, og smilte til kvarandre. 
Godt, sa eg...dokke er menneske... Så kva er eit menneske? 
Eg vil at dokke skal skrive på eit A4 ark: 
"Eg er eit menneske, ein levande organisme"! 
OG 
Du skal skrive fem ting du likar å gjere, fem ting du ikkje likar å gjere. Ikkje skriv noko namn.

"Dokke får 10 minutt, eg set på alarmen min"

Alarmen går - og elevane brettar saman arka sine i fire, og leverer.

Medan eg les desse lappane, og skriv nokre stikkord på tavla, skal dokke gå ut og finne ein levande organisme, og ta med inn - om 10 minutt.

Likar:
mat
 gutar x 4
sex
jenter x 8
sove
idrett x 3
eple
kos
biltur
fjelltur

Ikkje likar:
regn
urettferdigheit
sennep
dritsekkar
skule x 7
vente
dumme spørsmål
feigheit
falskheit
lekser x 5

Tenk over desse spørsmåla...
Er det noko av dette som overraskar? Er det ting du ikkje skreiv, som du kunne tilført på lista di?

Kva fann dokke der ute?
blomst
grein
snigel
blad frå eit tre
gras
strå
mose
makk
kjepp
Det dokke fann der ute, er også levande organismer - men lista over kan vel berre passe på menneske - så kva er dokke då?
Dokke er unike levande orgasnismer

No tok eg namneopprop...og timen er slutt

...og vikartimen var berre ein draum ;)




fredag 24. august 2018

SÅNNE dagar...

...når du nesten ikkje orkar skrive eingong, og alle tankane berre kranglar om plassen -
...når "motoren" ikkje går, og det er sovidt du kjem deg dit du må -

Grøn resept

...når du sjølv har vore i heilspenn heile sommaren, fordi ein av dine kjæraste har vore sjuk -

...høyre vinden i trekruna...

...når alt startar opp att, og det er mykje kjekt som skjer, som du berre har venta på skal skje, men som berre blir eit ork -
...når tungsinnet inntek deg med stormsteg -

...når hunden må luftast <3

...når du berre ser på skyene som fær over himmelen og sola prøver kjempe seg fram, høyrer vinden i trekruna - og tenkjer djupe tankar 
- som dette -

...når elva brusar...

...når du ser på alt som bør gjerast -
...og du veit at dette er ein overgong -
...som du kjenner så altfor godt -
...du berre vil sove vekk smertene, men gjer det ikkje for då er det "over og ut" -
...du berre veit du er med på å kjempe deg vidare -
...du berre registrerer, og kjenner at du registrerer, og kjenner at du er til -
...du observerer - 

...lukta av nyslege gras <3

...og heldigvis skein sola igjennom skylaget <3

<3

SÅNNE dagar er det heldigvis ikkje så mange av lenger...
...og når dei kjem, så berre observerer eg -

klem frå fruANE

torsdag 2. august 2018

SKOTHOLMEN

Restaurant Kami Skotholmen ynskjer velkomen til eit hav av smakar" 
...
- her møter kokkekunst og moderne design historiske omgivnader frå ei tid då Skotholmen var handelsstad og fiskevær
...
Dagens fangst, ver og vind avgjer kva som vert servert
...
Du kan velje mellom tre og fem rettar
...

Gjestebrygga i Fosnavåg, ved Thon Hotel

Opplevinga startar med transporten, der den 10 min lange holmeturen går med Skreddaren frå gjestebrygga i Fosnavåg.


"Skreddaren"

På Skotholmen

Det gamle huset...som skal bli renovert

Litt av utsikta <3

Håpar på ein smakebit?

Ei tid va`...

Gode vekstvilkår...


Kjøkensjef Magnus Bergseth -
han laga maten og gjekk rundt ved borda, og fortalde kva me fekk servert etterkvart som rettane vart serverte :)
med eit godt blikk :)
fole kjekke kar ;)



1. rett:  Kvaltartar m/ blomkålpurè( trøfla), sylta raudlauk og sprø røykalaks.


2. rett : Krabbesuppe m/ Lange og ramslaukolje


3. rett: Grilla Kveite m/ karamellisert laukpurè, sprø lauk, rjømekrem og sylta agurk


4. rett: Bakt Lysing ( = (svart) Kolkjeft - svart, grunna svart tunge, fekk me vite) m/ gulrotpurè, confitert pastinakk, neper, minigulrot, appelsinjuice og kanel, raudvin- og gløggsaus


5. rett: Sjokolade gauach m/ karamellisert kvit sjokolade, bær og sukkersalta walnòt.



Vårt fylgje på fire, vart godt tekne imot på Skotholmen - 1000 TAKK <3
...
Dersom du vil ha ei annleis oppleving, ta turen <3
...

God og mett <3 fruANE