torsdag 31. juli 2014

Bobiltur nordover

SOMMAREN 2014
vart med "ny" bobil mot nord...
E6 til Gartland/ Høylandet i Nord Trøndelag, så RV 17,-
som er Kystvegen nordover

Ferge Holm - Vennesund,- på Sømna


Lunsj på Doktorgården,- i Vik på Sømna.
Gamle Doktorgården Kaffebar


Via Brønnøysund til Torghatten,
- med ein liten kveldstur til dette spesielle og omtalte fjellet.


...med utsikt utover havet i vest.


...og "holet" frå den andre sida/ fjøra.


Den kvite rosa vart tildelt meg av ein flott bukett damer, 
( som tilfeldigvis var der me sykla forbi...),
som prisa sommaren med eit blomsterkrans-kurs 
og drakk sjampagne. 
LIVSNYTARAR!


På utsida av Trollhatten,


Fergestykket Holm - Ylvingen - Vega <3


Og på ein av sykkelturane til Eidem,- 
på øya VEGA fann eg dette...


På Nes, 
fortsatt på VEGA kunne me ta på ærfuglduna, 
og sjå korleis den blir brukt i den 
eksklusive ærdundyna
( til den nette sum av kr 49.000,-)
Helgeland museum


På ein av dei omtalte sykkelturane
( dei vart det mange av...),
og eit stykke vandring vidare på ein sti,
fann me denne nydelege stranda
heilt for oss sjølve...
Refvika.
Der fann eg 
"Mitt Mjelle, 
og fanga rare skjell og steina..."


I motsetninga til Eidem, 
som er heilt sør på VEGA, 
er dette biletet teke heilt nord på VEGA.

<3

Eg vart forelska i VEGA

 <3


Frå Vega/ Igerøy( der ferga gjekk) til Tjøtta, 
så vidare til Alstahaug og Sandnessjøen.


Sykkeltur på Herøy, med ferge frå Søvik...
Der var mykje å sjå, 
og denne blomsterbutikken 
ETCETERA 
var berre heilt spesiell...


På besøk i eit galleri v/ Inger Meyer,
og der Kristin Grendal Bones var ein av gjesteutstillarane denne sommaren. 
Eg var så heldig å få møte desse to flotte damene, 
og høyre bakgrunnen for bileta deira
 <3 
Stor respekt!


Strikka lappeteppe...
av ei nederlandsk dame eg kom i prat med på 
Dei hadde det bra fint,
desse utanlandske turistane,
i bobilane og campingvognene sine.
Karane fiska, og damene strikka og laga fiskemat.


Ferda vidare med ferga Levang - Nesna, 
Mo i Rana, 
E6 med eit "must"-stopp på 
Polarsirkelsenteret,
over Saltfjellet til Fauske.
Der vart det ferske reker på kaikanten, men fortærte dei ikkje før me fekk denne midnattssola. 
Ferga Bognes - Lødingen,
inn på E 10, 
som er Kong Olavs veg <3

LOFOTEN


Svolvær


Henningsvær


Snopebutikk <3





Nusfjord;-
Noregs eldste og best bevarte fiskevær.






<3  Å  <3




Moskenes camping;-
med kvalsafari rett framfor augene våra-
flott utsikt og underhaldning.


Reine
...og det regna fælt den dagen, 
diverre for oss, 
men fint for den store brannfaren og plantene :)

Besøkte Bringen Blomster;- 
blomster/kaffebar/interiør


"Gammelt og nytt for hus og hytte",
antikk, kunst, ting og tang;-
v/ Frank & Anne
Adr: Haverringen 103, Nord Borge.

Fantastisk oppleving!


Vidare ferd med ferge 
Fiskebøl - Melbu, 
Stokmarknes og Sortland, til
Andenes på Andøya i Vesterålen.


Andenes fyr!


Nokre innfødde...
men dei på to føter var best, 
svært hyggeleg folk som stoppa opp og prata 
<3


Ei lita perle midt i Andenes sentrum
- ein retteleg "godtebutikk"/ galleri
 vafler og kaffe + + +


...og ein strikkekafe borti gata eit stykke,
der me kosa oss i herleg atmosfære <3
( som eg diverre har gløymt namnet på :(


Kylling, 
sopp og 
div. lauk & saus 
til middag <3

Ingen sak å lage middag med tre bluss...


...og dessert i dei nye "antikke" glasa,
og nyte...


MIDNATTSSOL
<3

Takk for følget!
ANE