søndag 18. oktober 2020

Ein suksess

                                                Det vart ein suksess heile HAUSTMESSA!


Fredag kveld var det rigging av stand og klargjering av messelokale...


Hjørgot fekk sin halvdel av bordet, som me skulle dele søsterleg <3 <3


Laurdag føremiddag var ho klar, 
og trilleveska med paraply og campingstol var naudsynte hjelpemiddel på ferda. 
Det var eit ofseleg ver, og eit sokalla godt innever ;)


Hjørgot hadde med 1 meter, for å passe på at avstanden vart ivareteken...men vart utfordra av Ivar i diskusjonen om det ikkje skulle vere 2 meter, sidan begge var i risikosona...

Elles so hadde ho utstyrt seg med handsprit og i veska hadde ho også til innvortes bruk...


Skulekorpset spelte, og Hjørgot fekk vise at ho fortsatt hadde rytmer i kroppen...


Søndag kom ho så langt at ho fekk skifte til innesko, 
og vere kremmar...



Det var ei helg med mykje skjemt og litt alvor ( sidan koronaen fortsatt ligg som ei tung bør over oss). Handsprit og god avstand stod i fokus, og likevel var det mykje folk innom desse to messedagane. 
Folk kosa seg, med god prat, handel, musikkunderhaldning, kaffe og kaker.

Det var ei koseleg atmosfære, og mange ymta frampå om dette skulle bli ei årleg hending :)

Den som lever, får sjå...

FruANE  

onsdag 14. oktober 2020

Hjørgot - veninna mi

 Til helga skal det vere stor Haustmesse her i Haddal - noko me gler oss til alle som bur her og i nabobygda Eiksund, eller kjem herifrå... Begge bygdene står nær saman, og har m.a. felles barnehage og skule. 

Me vil vise "verda" litt av kva me klarer her i utkanten av kommuna. 

Om du er interessert sjå facebook sida Haustmesse og events 


Det er slik at mi beste veninne Hjørgot, 
har planar om å dukke opp...

Eg har skrive om henne før; sjå her


Ho hjelper meg med å kome meg på messe eller andre ting <3
 ja, det er heilt sant :)
Eg har slite med å vere med på messe, for å selge ting som eg lagar...og no blir det slik at eg har min eigen stand "fruANE" , og deler bord med Hjørgot. 
Ho skal ha med seg "nåkre håse å nåkre tvåge so ho he laga onde kårånatida", som ho seier...



Det blir spanande å sjå korleis det blir, og eg har fått hjelp på standen min, når Hjørgot er "i farta". 
Slik er det med den saka <3

Kjem du ein tur? 

Klem frå fruANE <3

lørdag 3. oktober 2020

Takknemleg

Eg kjenner på ei enorm takknemlegheit for tida <3 

sidan nedturen snudde, denne gongen også. 

Eg veit nedturane er ein nedtur, og at nedturane snur...eingong! 

Og brått er ein på "stigande" ( so ho sa "kjæringja...") 

:)



Tenk;  berre det å dekke på med kvit duk
 ( ikkje kva som helst duk faktisk, men ein over 100 år gamal engelskbrodert duk, etter oldemor mi ) 
til helga...markere helga med den, og ta inn blomster frå ein "utsleten" hage, og setje blomane i vasen etter farmor...




...fyre i bålpanna ein søndag føremiddag ( midt i kyrkjetida), kose oss med kaffe og nybakt eplekake( epler frå epletreet i hagen), og lære eine døtra "hjørne til hjørne"- hekleteknikk. 
Ho skal hekle babyteppe til ei veninne <3 
Luksustid <3


Så kom gemalen utpå ettermiddagen og inviterte med på "motorsykletur" 
( motorsykkeltur, men likar so godt ordet "motorsykletur"). 
Klart eg ville <3
Det vart ein stortur... Først med eplekakerestar til andre døtra i Vanylven, over Maurstadeidet til Bryggja, Nordfjordeid( der bildet er teke ved Sagastad), over Stigedalen, rundt Austefjorden, med eit stopp  på grava til farmor og farfar, tante Eva og onkel Olav <3 <3 og heim <3


...finne fram Hjørgot sine "saker" og planlegge "Haustmesse" ein annan ettermiddag...


Sitje ute i ettermiddagssola og lese manus til Kyrkjespelet "Eg spelte på fløyte"...
Tenk å få invitasjon til å vere med på noko slikt? 

Eg kan ikkje røpe noko særleg, berre at eg skal vere skodespelar, som "Oluffa" på Kyrkjespelet i Ulstein sokn, - våren 2022 <3


...og gå på fjelltur... 

Eg starta med eit sterkt ønske om å kome meg opp bakkane bak huset vårt i Solsida, til Garnestua...  
Det gjekk, og kjempeglad for det <3 og turen til Perlå etterpå <3 


...og så kome heim for å sjå den fine nymåla veggen i stova <3 <3 <3 


Då er det ei sæle å få lage eit godt måltid...og dekke "bruktkjøpbordet" der det sømer seg... 
Artig å finne nye stader å ete maten sin... Bordet må liksom "flytte på seg" nesten kvar dag...alt etter kvar me held på i oppussinga. 

Det er enormt mykje å vere takksam for <3 og i råsa i dag, fekk eg "lag" med ei dame... 

Me snakka om mangt og mykje, men det som står att er å kjenne på takknemlegheit over dei små tinga i kvardagen <3


Kva er du takknemleg for?

Klem frå fruANE<3