lørdag 16. januar 2021

Min private kalendar

 JANUAR


Så enkelt kan det gjerast... Å lage sin eigen kalendar, altså.

Tidlegare år har me alltid fått kalendar i posten, frå Tussa eller andre...men ikkje til dette året altså. Då må ein lage sin eigen kalendar, slo det meg...

Så eg fekk altså ein ide <3


Dette årsteppet frå 2019 vart endeleg avslutta...og har to sider ( over og under her).
Sjå omtale frå eit tidlegare blogginnlegg her: Årsteppe 2019


Tanken min er å legge ut eit bilde for kvar månad dette året, med ulike prosjekt eg har laga( eller held på med) OG samtidig ha med ei slags "oppskrift".  
Vel! 
Me får sjå korleis det går etterkvart...

Klem frå fruANE<3





OPPTUR

 Å få kome seg ut, og attpåtil kjenne at sola stryk varleg over kinnet mitt...det er ei stor glede, og ein OPPTUR <3 


Så kom snøen, og kulda...


...og eg frydar meg over å få på meg skia...


Store mengder snø...



...og endå ein tur med skia + nistepakke...


ISKAFFE ;) :)


Vakkert <3


Tunge bører...


Strikk & bål i hagen <3


...og endå ein tur <3


<3 <3 <3


Ved Hammarstøylen åt eg appelsina mi <3


Det var tungt å gå til Perlå...


ISROSER


...og endå meir IS


Eg kjenner på gledje <3 <3 <3

Klem frå fruANE<3

lørdag 9. januar 2021

Veka mi!

                                                           "Så gjekk me på ein smell
                                                                 men hugs at likevel
                                                                så kan det ordna seg
                                                               for både deg og meg"

                                           (Dikt av Kristin Straume - på instagram @berrekristin ) 

"Kanskje det som skal

slankast

er forventningane

dine?"

( av Kristin Straume) 



"Du er så god
at eg vonar
du veit det"

(av Kristin Straume)


"Ein kan aldri
gjera meir
enn sitt beste

Men av og til
kan ein gjera mindre
og det er heilt greitt

(av Kristin Straume)


"Du er så redd
for å bli avslørt
og skjønar ikkje 
at eg avslørte
for lenge sidan
kor god du er "

(av Kristin Straume)


"Du bør ikkje vera
så redd for å falla
at du aldri vågar
å røra deg"

(av Kristin Straume)


"Du er elska
slik du er
heile deg
frå hår til tær
frå smil til gråt
frå ytst til inst
Verda treng
at nett du finst"

(av Kristin Straume)


"Du trur ikkje at
du er riktig
for nokon
anar ikkje at
det er ditt smil
dine ord
som hjelper andre
gjennom dagen"

(av Kristin Straume)



"Du er like elska
om du hjelper mange
og får til alt mogleg
eller om du ikkje får til noko
og har nok med å pusta
Du er like elska
like mykje verd
uansett!"

(av Kristin Straume)


"Nokre dagar 
er slike dagar
ein berre må gjennom
for å koma til
dei andre dagane"

(av Kristin Straume)


Desse dikta av Kristin Straume treff meg ofte... Kanskje treff dei deg også? Følg henne gjerne på Instagram, på @berrekristin <3

Klem frå fru ANE<3


søndag 3. januar 2021

Jul & 2021

Jula 2020 har vore god, med rolege dagar, saman med born og svigerborn <3

Det starta med nissegraut( som eg fortsatt kallar det...) veslejulafta, med den nye svigersonen vår, Ruben&Eline, svigerdotter Sisi (Jonas var på sjø/jobb) og far min som gjestar <3

Då me budde på Hagebø, hadde me alltid nissegraut veslejulafta. Då sette me ut ei skål graut til nissen, slik at han skulle ta godt vare på dyra i fjøsen <3 Gode minne!

Då borna var små var me fleire år i Stoksund for å feire Guro sin bursdag, og vere saman med fleire småbarnsfamilier <3 også ei fin tid å sjå attende på <3

Dei seinare åra har me bytta på, bror min og eg på å samle familien til denne koselege hendinga. 

I år vart det annleis!

Julafta kom også Solveig-vår & Fredrik + Albus (hunden deira). Ilag med dei to andre hundane i heimen, vart det eit "hunda liv" ;) :)

Jula 2020

I romjula vart det gooooode dagar, med kryssord, strikk, turar, lesing og spel...


Det har vore fint turver kvar einaste dag, 
og 1.januar 2021 vart dette bildet teke rundt Aursneset


Det har vorte nokre turar til Perlå<3


...og nokre garnhesper som har lege på garnlageret,- vart til ny hue... 
Eg vart inspirert av oppleggskanten til #julvanten2020 og brukte ein annan teknikk på brotet, frå eit #adventsstrikk (ein gensar eg strikka for nokre år sidan). 
Må seie meg fornøgd <3


Det var eventyrleg på Perlå i går...


Vonar du har hatt ei bra jule-og nyårsfeiring <3

GODT NYTT ÅR <3 <3 <3

Klem frå fruANE<3