søndag 26. april 2020

Formiddagen starta med kos og bok <3

Bobby - mormorgull <3

Så fekk eg lyst til å plukke kvitveis <3

Kaffe&sjokolade i snopekopp <3

 ...og sette i diverse arvegods og gjenbruk...

Veldig gamal kaffekanne & sukkerskål - nokre av skattane mine <3

 ...og samstundes nyte ein kopp kaffe & sjokolade <3


 ...før turen gjekk ut for å nyte fuglesongen...

Eit gamalt bord, som er kløyvd i to, og ein gamal kjøkenstol

...medan eg hekla på eitt av dei mange restegarns-prosjekta


Ettermiddagsturen gjekk fram på Fjelle, og ein tur innom Perlå <3 mi 


...der eg også fann kvitveis å pynte med...


...og alt ein kan bruke...



Takknemleg for å vere over "kneika" etter ein nedtur...
...for det er i motbakke det går oppover...

God søndagskveld til deg <3

Klem frå fruANE<3

lørdag 18. april 2020

KORGLUFTARDAGEN

KORGER - i hopetal...


Eg fekk ideen om å sette ut alle korgene eg har, 
på plenen...
for å få ei oversikt, 
og mest for gøy ;)


1 - den eldste i flokken, av gamalt handtverk, men teknikken? Eg held på med garnbitting (sjå eige innlegg på bloggen)
2 - impulskjøp
3 - Pilkorg, kjøpt på Rennebumartnan, - full av Årsteppe 2019 (eg held fortsatt på med å hekle rundt kanten...).
4 - den nest eldste, og som eg fekk i julegåve, ca 12 års-alderen :) Eg hugsar kor skuffa eg var då eg fekk denne korga, fordi eg hadde ønska meg nokre veldig populære skolettar... I dag er eg sjølvsagt veldig glad for denne korga <3
5 - impulskjøp
6 - impulskjøp
7 - danskekorga mi, den aller finaste og sist innkjøpte frå sist sommar <3
8 - impulskjøp
9 - ei heilt annleis korg av metall, og full av bomullsgarn-restar (brukt til diverse småstrikk,- og hekl).
10 - korga til ein vinballong (den vart kjøpt på bagasjeloppis på Grodås for eit godt år sidan).
11 - Nostalgisk korg, kjøpt på Rennebumartnan for fire år sidan.
12 - Skøye/ Skodje-korga for kr 80,- våren 1983 (eg hadde praksis på eit dagsenter i høve helse-og sosiallina på folkehøgskulen).
13 - Finske-korga frå Anja og Tapani Rastas (eit vennepar av foreldra mine, og som dei hadde med heim som gåve til meg <3
14 - Bobilkorga, til den første bobilen vår. Me måtte ha ei snerta korg mellom seta, der me kunne setje kaffekanna ;)





Det er bra kjekt med korger <3

Klem frå fruANE<3

torsdag 2. april 2020

Ufoar - ting som flyt...

UFOAR
Eg snakkar om handarbeid som har vorte liggande over ei tid...og som ikkje har vorte ferdig.
Eg har ei del slike, for å seie det slik ;)

Årsteppe2019  <3
 Dette var mitt store prosjekt i fjor - årsteppe2019   Sidan teppet vart så stort, måtte eg legge det dobbelt, og hekle rundt kanten... Det har eg altså starta på no <3

Medan eg sit med dette, ulike fargar og blandingar i hytt og pine - så les eg i boka - alle namn og hendingar - og minnast <3

Tid for mimring, rett og slett <3 

Dokketeppe i Star Lace Stitch,- av trippel brushed alpaca silk (restegarn).

Sjå korleis du strikkar Star Lacy Stitch

Patentstrikk,
som først var tenkt til ein ponsjo,
men som blir til ein vest i svart dobbel brushed alpaca silk
( også i restegarn ;)

Broderi, som diverre har lege altfor lenge "på lager"( + endå fleire...)

Dominostrikk - lappeteppe.

Eg strikkar ei rute kvar dag, frå 12. mars(då Noreg stogga opp i høve Korona). 
Sjå teknikk om Dominostrikk :) 
Dette garnet kjøpte eg til ein genser( raudt og oransje saman), 
men var lite motivert til gensar, heller eit lappeteppe som skulle vise igjen etter korona
( eit slags minne).
Har du noko liggande, som "aldri" blir ferdig?

Me er mange som har det slik, høyrer eg :)

I tillegg til å ha ein del "ufoar", har eg som mål å redusere garnlageret...
Viktig å variere på arbeidet, ettersom motivasjonen må halde seg oppe <3

Klem frå fruANE<3