mandag 26. desember 2016

Englar


Englar dalar ned i skjul...

og

 GOD JUL!

Eg er ein samlar...som kanskje nokre av mine lesarar har fått med seg...

Eg samlar på englar <3

Eg kjøper ikkje englar for å kjøpe, 
men heller slik at dei "talar" til meg... 
"kan eg få bli med deg heim"?

Dette er den siste...som har vorte saftengel...
Kvart år et me julegraut med mandel i...på vesle-julafta
- med saft frå Melciorgarden
Engelen kjøpte eg på førjulsmessea i Vike-Petter løda
Denne engelen, fekk eg av ei veninne ( Solveig) for over 25 år sidan...og ho er verkeleg ein engel sjølv <3 


 Desse to englane er frå barnehender <3 <3





Alle englane fram til no, er "Planke-englar" - det vil seie, at dei får plass på Planken, som me legg på langbordet kvar høgtid... Planken har si eiga historie...







Desse seks englane har fått plass i juletreet <3



 Døtrene mine sine lysenglar...




 Barneskule-englar...
som borna laga då dei gjekk på barneskulen <3 <3 <3

Julekrybbe - engelen "Gabriel" 

Engel frå Krukkehus-tida <3
Julemesse-englar for maaaaange år sidan...
Kari-engelen
( frå eit stabbur i Skedsmo)


Kunst - englar
<3
Keramikk englane til venstre er frå Gry Nerland og til høgre Mekko
( som igjen er julegåver for maaaange år sidan).
<3
Tekstilenglane er frå venstre; Katharina Teige Førde
 ( frå ei utstilling i Bakketunet på Bjørke for eit par-tre år sidan) og 
( og som er utgangspunktet for mine Hesjastrengelen - om du vil lese om det <3

Hesjastrenglane
Magnhild,
Sofia,
Henny,
Alfhild,
Gloria og
Vilhelmina
<3
Dei har hekla kjole i alpakka/silke og hesjastreng-kropp


Desse tre treenglane laga eg i 2004,
og vart att,
 etter at eg solgte ein del av søstrene deira på Krukkehuset ;)

Eg er veldig glad i desse <3

Denne er strikka, og tova,
og passar på Vinterstova <3

I trollhassel-greina, ( som følgde med "lysekruna"),
heng silke-englar, glansbilde-englar og "gamle-julekort"- pynt i eit kaos utan like...
I bjørkegreina på gangen( som har sprotte ut)
 heng
"fargerikt-fellesskap-englar"

Gang-engel

Svibel-englane


Ønskjer deg ei fredeleg romjul, og godt nytt år <3
Klem

tirsdag 6. desember 2016

Adventsmarknad

1. desember


Antijantelova <3


Det er skummelt å gjere noko som dette -
 å ha marknad i eiga vinterstove...
og det ER difor ein styrke å lese seg opp på anti-jantelova <3




DU DUGER TIL NOKO!




DU HAR EVNE TIL Å FORSTÅ, OG LÆRE AV ANDRE!


Storsjala og nokre Frøkensjal <3


Englar dalar ned i skjul...


DU ER EINESTÅANDE!


Førstkomande torsdag held eg ope frå kl 17.00 - 21.00, 
og det vert høve til å smake på gløggen og nokre julekaker...

Velkomne til salsutstilling <3