torsdag 14. desember 2017

Nederlag og lukkekjensle, hand i hand

I haust starta eg opp att med å spele klarinett, etter ei pause på nokre månader...og eg merka raskt at høgre skulder plaga meg... Ein medspelar ga meg halssnora si, så eg kunne prøve om det hjalp. Det gjorde det, og eg var kjempe fornøgd. Hausten gjekk, og me har hatt eit par konsertar, men no når me starta på nyttårsprosjektet, med lange og intense øvingar, vart det full stopp. Smertene var så store at eg måtte gje meg...Eg klarte berre spele ein liten halvtime, før skuldra sa "nei"!
Så eg tok ei avgjerdsle...
Vil eg ofre skuldra til fordel for alt anna eg vil?
NEI!
Eg vil strikke, sy, skrive, og arbeide som eg har gjort...den statiske bevegelsen med å halde klarinetten måtte vike...
Eg er sjølvsagt lei meg for at eg ikkje kan vere med på dette musikk-eventyret, for det har gitt meg so uendeleg mykje glede og meistringskjensle. Eg har nytt å ta del i eit stort musisk samspel, der eg har site med mi 3. stemme på klarinetten, høyre dei fine stemmene i dei ulike instrumentgruppene, og skape dette magiske i musikken <3
Mang ein gong har eg vorte rørt av dette store og magiske med kva musikk gjer med ein...for det er stort <3
Eg skal ikkje legge heilt frå meg klarinetten, men prøve litt innimellom...for eg synest eg har fått til ein heil del, både teknisk og tonemessig <3
(sjølvskryt er velskryt) 


Tysdag denne veka tok eg skia fatt, og gjekk mot Steinen,- eit mål eg har hatt på mine småturar med hunden elles i året....
...og den lukkekjensla <3
Ubeskriveleg!


Det er ikkje så langt, men enkelte dagar er dette langt nok for meg...


...og då å få kome opp dit, og sjå utover...
Himmelsk!


Ei avdød veninne lærte meg å sjå fargane og lyset i naturen...og ofte tenkjer eg på henne når eg går desse turane mine...når eg ser lyset på himmelen...
<3


Ein ekstra bonus er å sjå korleis Roffen leikar seg i snøen, og nyt livet <3


Eg er så rik<3


Turen medførte ein del smerter i skuldra, litt utpå ettermiddagen, kvelden og natta - men dette var verdt smertene <3

Eg har gong på gong kjent kor godt det er å kome seg ut på tur, for å snu tankane <3 
Det er verdt det <3

fredag 24. november 2017

Julero på Krukkehuset i hjartet av Ulsteinvik

                                                        DU er HJARTELEG velkomen til
                                                                 Julero på Krukkehuset

Marit og Per


<3 er ope 4 laurdagar framover







<3 ein liten smakebit på det du kan sjå...

Her har du høve til å kjøpe julegåver i fred og ro, nyte eit kakestykke eller berre sense <3



VELKOMEN SKAL DU VERE <3

fredag 13. oktober 2017

Ein uvanleg onsdag


OPPTUR - 
OMVEI -
 FEIL VEI -
 BEDRINGENS VEI - 
BLINDVEI - 
NEDTUR - 
SNARVEI - 
MOTSATT VEI

Eitt er sikkert: det er mange vegar dit...


 ME hamna iallfall på 
RETT PLASS,- 
Grodås - Hornindal


...og der åt me ein sein lunsj i storarta omgjevnader...



                                ...og alt du ser, kan kjøpast med heim...til og med stolane me sat i ;)


Eg likte særs godt denne bokhylla - med "BOKSIRKULERING"-
"Ta en bok eller gi en bok, eller begge deler" (helt gratis)!




FESJÅ - UTSTILLING




...og kaffe, attpå ;)


...og nokre mauskar på Storsjalet <3
                                                         


Gjenbruk av kopp og tefat - som matfat til fuglane <3



THE BIGGEST RISK - IS TO NOT TAKE THE RISK


Dei har vore vågale - TAKK OG PRIS! 
Eg kjem att, ver sikker <3


Så var det tid for OPERA NORDFJORD - 
"SILDAGAPET - EIN OPERA OM HAVETS SØLV"
<3
Me er so heldige som berre kan fare på alt dette - berre ein kort biltur gjennom Kviven...
<3

fredag 1. september 2017

HAUST

1. september er første haustmånaden,
og ei av mine gode veninner har fødselsdag;
Ho har namnedag på bursdagen sin
- 50 års dagen

HURRA!!!!!

På veg til Garnestua

Eg er eigentleg litt "haust", 
og trivast med å gå i fjellet...

Roffen

...i lag med denne flotte turkompisen <3


...og då å få kome til "Perlå" <3

Koooos <3


...og berre nyyyyyte...


...medan klestørken heng over omnen...

<3

Eg er i hyttehimmelen <3

GOD HAUST!

lørdag 1. juli 2017

På TUR

BOBILTUR 2017
Det gjorde seg med ein "tidleg"-ferie i år <3 
Me starta turen til Lærdalsøyri, med "Lærdalsmarknad" 16.-18.juni.
Lærdalsmarknaden
Dette hadde eg gledd meg til, for eg hadde høyrt so mykje fint om både staden og kvaliteten på marknaden. Me var veldig heldige med veret, og parkerte eit sykke utanfor sentrum( fullt på campingplassen, men fekk tips om å parkere litt utanfor). Det var heilt supert, for der hadde me kveldssola( så lenge den kunne vere på ein stad som denne...pga tronge fjordar og høge fjell).


Det vart ein fin-fin sykkeltur til sentrum, på ein spanande sykkelveg...gamlevegen!


Det vart ein del innkjøp på denne marknaden, og fiskekaker frå Birger, vart til Birgerburger, med lokale grønnsaker, ost og oliven. Nauta godt!
Pssst!
Dei nydelege fata kjøpte me på Hakallegarden
 - og dit MÅ de reise :)
 eit eventyr for små og store <3


Må berre fortelje om eit garn av 100 % brennesle,
som eg kjøpte med desse kjekke damene frå Beli,
Eg har aldri høyrt om brenneslegarn før...
...så det måtte eg sjølvsagt kjøpe med meg ;)


Og godt hadde me det,- på heile turen...med opplevingar i fleng <3
Kjekt å ha slike opplevingar å sjå tilbake på :)


...og to par strømper ( av Oddlaug, - som mi farmor heitte <3 ) til "mor", 
når me omsider kom oss avgarde på vår vidare ferd...


...over Filefjell til Fagernes, 
men sjølvsagt tok me eit stopp ved 


...over Filefjell og Kongevegen 
( noko me ikkje tok oss tid til denne gongen, meeeen...) til Fagernes...


Der campa me ved denne skigarden, og song 

Utpå kvelden vart det ein fin kveldstur på sykkelsetet, i deileg sommartemperatur ;)

Neste dag drog me vidare til 

"Veien til lykken går gjennom Bakeriet"


Vel!
Me åt iallfall kvar vår deilege skillingsbolle og drakk kaffe...


...og sikra oss gummi til Norgesglass
og noko til... ;)


So var me innom Magnor Glassverk - sidan me køyrde forbi... Flott utstilling på loftet, og mykje fint å sjå :) før me kryssa grensa til naboen - Sverige 
Målet var Gòtakanalen <3
-
her på Sjøtorp
austsida av Vànern.




Mykje køyring, men også ein god del sykling...og bakenden fekk "køyrd" seg desse dagane
( heldigvis hadde me både sykkelbukse( veldig sexy :) :) og polstra sykkelsete...


Heilt FANTASTISK å vere NORSK i Sverige


Frå brua over Gøtakanalen mot Wassbacken cafè camping & vandrarheim <3


Litt avslapping ( med strikk av Storsjal
...og legg merke til den nyaste korga mi <3 
også kjøpt på Lærdalsmarknaden


Sykkeltur til Forsvik - ein liten stad, kjend for kultur og historie -  


- med Gøta kanal si eldste og høgste sluse


...og Loppisfunn...


...som skal heim til Snopekopp"- samlinga mi <3


i Sverige er ei fin oppleving... 
Sjølv om me har våre gode tradisjonar i Noreg, var det fint å ta del i "storfamilien" på campingplassen <3


Dagen etter var alle butikkar stengde...

Me for på sykkeltur til Karlsborg og Karlsborg sluse,
som også var vår avslutning på sykkel-og bobilturen langs Gøtakanalen.


Ferda gjekk vidare til den svenske vestkysten, med nasa vendt mot nord igjen...
...til Fjàllbacka 


Camilla Làckberg, født her i Fjällbacka - ho har teke utg.pkt. frå Fjällbacka i fleire av krimromanane sine... Kjekt å rusle rundt på den idylliske staden, der husa ligg tett i tett inn mot fjellknausane på eine sida og havet med alle dei små og store øyane i front.


Over grensa tilbake til Noreg, og då med eit natuleg stopp i Halden -
for å få med seg premieren på 
Veldig artig å vere med på eit slikt arrangement, sjølv om det var "rart" og pinleg å sjå seg sjølv på fjernsyn ;) :)


Etter fjorten dagar på tur, var det godt å kome heim til 
familie og hageblomster <3

...og begge var samde om at det hadde vore ein gild tur <3

ANE