torsdag 31. desember 2015

TAKKSEMD...


...over alt som har skjedd den siste tida...


...frå Hesjastrengelen som "kom inn i livet" mitt... 


...til Harding-bakst ilag med eldste døtra...


...garnkula frå ein sjukehuspasient...
Han vil lære meg dette handverket over nyåret...
som eg gler meg veldig til :)




Gleda av å vere ilag med ei veldig god veninne ein kveld like oppunder jul, - før den ringer inn, 
og få servert deileg mat og drikke, 
samt ei inspirerande bok-førjulsgåve
 <3




...og få med seg deileg garn som eg kan strikke storsjal av...


...storsjala mine og lyslenkja...


...julekrybba...


...ein avslappa hund...
Sjå og les om denne hunderasen her: 


...eit adventspynta bord( sjå eige innlegg om denne Planken), 
der alle mine nære og kjære var samla rundt grautskåla, veslejulafta...


...juleblada Tuss&Troll, Vangsgutane og Smørbukk( alle tradisjonelle her i huset)...



...og juleposten...
Det vart færre julekort i år enn i fjor...slik er vel trenden...


Gleda av eit julepynta juletre av dei to jentene i heimen...


...ei kjær mamma & pappa



...ei bålpanne...


...riskrem med raud saus på... 


...og ei hytte som vart vår...


...og der me hadde første julelønsjen vår i romjula <3


...turområdet...




 ...og kosen etter ein lang tur i det kalde og klåre desemberveret...
...med ei særs god bok

 <3

Takk for i år, og på gjensyn i 2016 

<3

ANE

fredag 11. desember 2015

Julemarked


Englar <3


Denne engelen over, til høgre - 
den "berga" meg eingong...
Heilt sant!

Eg var laaangt nede, og vart liggande å sjå på denne engelen...
...så "kom noko til meg", 
på ein måte...


Eg vart inspirert på eitt vis, fekk sjå "lyset" i tunnelen eller noko liknande...fole rart og FANTASTISK på same tid...


Eg traska meg ut i "hønsehuset", og fann fram hesjastrengen...begynte å "leike" meg med den, og fann ut eg skulle lage "hesjastrenglar" ( det var forresten eldste døtra mi som "døypte" dei for "Hesjastrenglar"). Genialt!


Sidan då, har hesjastrenglane følgt meg, og maaaange har kjøpt eller fått dei i gåve frå meg...kvardagsenglar som eg omgjev meg til dagleg, eller berre av og til... Dei er der ute, desse kvardagsenglane, blant oss <3


Sist helg reiste eg til Tore-Garden i Leivdal, ikkje langt frå Nordfjordeid. Hesjastrenglane mine vart med på ferda...


                                                            ...og nokre akvarellar...


... og STORSJALA mine.


I morgon set eg kursen til  Julemarked på Hakallegarden

Eg er sååå takknemleg for "synet" eg fekk...

Ha ei nydeleg helg, kjære lesar <3

Go`klem frå ANE