torsdag 23. mai 2019

Eksamensvakt

Eg kjenner på ei stor glede og ære <3
Eg får vere saman med dei vidaregåande elevane, på kanskje deira viktigaste dagar... Eksamensdagane!

Eg er eksamensvakt <3 og synest det er givande <3

Frå sidemålseksamen - siste verset på "Mellom bakkar og berg".

Det er utruleg fint å få møte desse ungdomane på kanskje deira mest sårbare augneblink, når dei skal "vise" kva dei kan, etter ti år på skulebenken... 
Det er svært interessant å følgje med på det som skjer i klasseromet desse timane, og eg får "trene" på å sitje stille - utan å gjere noko anna enn å følgje med - som i sanning er utfordrande nok for meg...

Eg seier til dei at eg ikkje får hjelpe dei, men eg kan kome med eit oppmuntrande smil :) :) :)
og oppmuntrar dei gjerne til å sende smil til kvarandre undervegs...

I dag var det norsk hovudmål, der dei fleste har nynorsk som sitt skriftsspråk.
Eg likte oppgåvene deira, men er glad eg ikkje skal skrive i fem timar...


Ei av oppgåvene handla om forholdet mellom teknologi og menneske.

Biletet av Lisa Aisato  - "Jeg så deg på insta", 
henta frå boka "Til ungdommen", av Linn Skåber
sjå om Boka her.
( den står på boklista mi...)


Takknemleg <3

lørdag 18. mai 2019

Nasjonaldagen

GRATULERER MED DAGEN, NOREG!

Min første og beste 17.mai vart feira ilag med mannen min på Perlå <3 ilag med Roffen og Bobby <3 <3

Dette er bilder frå 2018 <3

"Ho kjende seg aller mest einsam i folkemengda på 17.mai"
- Både usynleg og altfor synleg på ein gong, liksom. Det einaste ho ville var å gå heim og vrenga av seg den kløande, tronge, altfor varme bunaden, skjorta ho panikkstrauk same morgon, skoa som var nye for tre år sidan, men framleis ikkje inngått. Men ho var der. Let borna dra henne med frå iskø til fiskedam til hoppeslott. Fordi det var deira dag. Borna sin dag. Ikkje hennar. Ikkje tenk, ikkje sjå rundt deg, ingen blikk å møta, ingen å snakka med likevel. Alle har kvarandre. Tankane fauk gjennom ho. Hamra seg fast. Ho svetta. Fekk nesten ikkje pusta. Snart ferdig no. Tvinga på seg eit smil. Ferdig. Heilt ferdig.

Ser du ei eller ein som ikkje har nokon å prata medi mengda, og ser litt lost ut( og kjenner du deg kanskje litt lost du òg)? Svelg tanken om at ho/ han sikkert ikkje vil prata med deg likevel, møt blikket, smil og start ein samtale. Sei det som fell deg inn. Det betyr kanskje meir enn du trur".

( henta frå #berrekristin sin Instagramkonto, - med løyve til å dele her).

<3 <3 <3

Nokon som kjenner seg att i teksta frå #berrekristin?
Ho set ord på så mange fine og vanskelege tankar <3 
TAKK, #berrekristin <3

Eg veit det er utruleg mange som kjenner på nett dei same tankane og kjenslene...

Screenshot av #nasjonaldagen på Instagram
...og jøye meg kor mange flotte bilder det er på sosiale medier sånne dagar...


Då eg var barn, spelte far min i korps...og ettekvart var det min tur til å spele i korps...i maaaange år, spelte eg i korps på 17.mai... Så vart eg mamma til 1, 2 og 3 barn, og følgde dei i toget, ilag med deira klasser...litt innimellom speling, samtidig som mannen i heimen song i mannskor, og soleis hadde sine opptredenar denne dagen...me for hit og dit...TRAVELT, men også kjekt! 
No er borna mine vaksne, og gjer sine tradisjonar denne dagen <3 <3 <3 og me som kan, møtast alltid på ettermiddag/kveld til kake og kaffe :) ;) 
Desse åra i seinare tid, har vore dei vanskelgaste å feire 17.mai på...sidan eg ikkje har hatt ei "rolle" å fylle...
Eg spelar ikkje i korps lenger, og mannen var "fri" frå kor, sidan mesteparten av koret skulle til Dublin...

<3 <3 <3

I år, for første gong - og heilt sikkert ikkje den siste...so reiste me til Perlå <3 - den vesle hytta vår  (som er ca 22 kv.m., utan straum og innlagt vatn), ilag med hunden vår og eine døtra sin hund  (Roffen og Bobby).


 Det vart ein vidunderleg dag <3
- med turgåing, boklesing, god mat, hengekøye "blues" ( som enda med knall og fall :) :) :) - men det gjekk bra...



Årgongen på treet og vinen???iallfall italiensk, både drikkande og i bokform...



 ...kveldane er oftast litt kalde, so då "måtte" me fyre litt...

Frå etasjesenga 18.mai <3


...med lufting av alt som "ber" støv...



Eg er så takknemleg som kan velje kva eg vil gjere på Nasjonaldagen <3

fruANE

søndag 12. mai 2019

Å elske

Eg vakna or draumen, og det stod so klart for meg 
"Å elske, og bli elska"!
...
og heile den dagen kjende eg kor viktig det var å elske medan eg kan...
...
for kva er vel viktigare i livet?


Det er ikkje ofte at alle borna er heime samtidig <3 <3 <3

Dei to eldste har flytta ut, og bur/ jobbar/ studerer andre stader, og minstkjellå bur endå ei stund heime <3 enn so lenge ;)


Me åt potetball med det som sømer seg, attåt... Sidan kom foreldra mine ein tur <3 og me åt 17.mai-kake (= Pavlovakake), sidan alle er spreidde for alle vindar på sjølvaste nasjonaldagen <3
<3 <3 <3
I ettertid ( no når eg skriv), kjenner eg på ei så stor takknemlegheit for tida ilag <3 sjølve kjærleiken i det å lage mat, vere saman, praten, og samhaldet <3  eg er evig takknemleg for desse "små", men "store" tinga ilag.

<3 <3 <3


Eg søkte google.no på "å elske" - og fekk desse artiklane opp...

"Hva vil det si å elske"? - Aftenposten 
 - Kjærlighet er ikke bare følelser, men også vilje...
...

"Fem måter å elske på - NRK Livsstil - Tips, råd og innsikt"
Lær hvordan du får kjæresten din til å elske deg. Her er samlivsekspertens råd...
...
"Lær å elske i 5 trinn - Utforsk Sinnet"
NB! hmmmmm.....her var det mykje rart...
...
"Hva vil det si å elske? - Verdidebatt"
Ved å utforske kjærlighetsbegrepet avdekkes en ruvende avgrunn mellom påskemysteriets og sekularismens- normative menneskesyn...
...
"Bjørg Thorhallsdottir:- Å elske er noe av det mest sårbare som finnes ( Tara.no)
- Det å holde en annens hjerte, er et av livets største ansvarsoppgaver, og når du først skal gi bort ditt eget, gjør det fullt og helt.
...
"Hva vil det si å elske noen? - Forelskelse -  VG Nett Debatt - Vg.no
...
"Å elske og bli elsket ( Gyldendal)
- Boken som både utfordrer og inspirerer. En gave til alle som ønsker å ta vare på kjærligheten.
...
"Elske - siterte tekster"

" Det hender jeg elsker deg
så høyt at jeg får høydeskrekk.
Da tar du handa mi og elsker meg
ned på bakken igjen". (Kjerstin Aune)

"Hvis du elsker noen. Hvis du har noen kjær. Si det. Vis det. Vær det. (Anbjørg Sætre Håtun)

"Husk å elske
mens du tør det.
Husk å leve
mens du gjør det". ( Piet Hein)

"Elsk meg litt, men elsk meg lenge". (Christopher Marlowe)

"Å elske er å bytte blikk med en annen". ( Stein Mehren)

"Det finnes bare èn lykke i livet; å elske og bli elsket" ( Georg Sand)

"Hvis du elsker noen, sett dem fri. Kommer de tilbake, er de dine. Kommer de ikke, har de heller aldri vært det". (Ukjent)

" - Er det ikke litt for tidlig
å si at du elsker meg, sa hun
- Er det ikke litt for seint
å be meg om å la være, sa han". ( Trygve Skaug)
...

"Elske - Wiktionary"
ELSKE - Å SETTE HØY PRIS PÅ NOE/NOEN; HA KJÆRLIGHET TIL.
HA SEKSUELL OMGANG MED.
Å ELSKE/ELSKA - ELSKAR - ELSKA - HAR ELSKA -ELSK/ELSKE/ELSKA
 - å sette stor pris på noe/ noen: ha kjærlighet til

"Hva er å elske? - ung.no

***

Jøye då for eit mylder av artiklar, både bra, og mindre bra... 

***

Det aller viktigaste for meg, er å elske det eg gjer, når eg gjer det - fullt og heilt <3

Klem frå fruANE <3

onsdag 8. mai 2019

Ei løde

Denne løda går eg stadig forbi...
har gjort det i mange år...

Eg synest det er eit stasbygg, med ein utruleg flott mur, som fundament, og eit flott reisverk over...

MEN


...når eg snur nasa heimover, så  ser det diverre slik ut...

Eit tak som er flerra av, av vind og uver...og dertil mykje som er rote og nøydelagt.

Eit trist syn"


Er det ingen som bryr seg?
Eigarane?
Kommunen?

Kva skjer neste gong det stormar, eller kjem ein orkan?
Skal nokon bli skada, før noko skjer?

Eg veit at det finst maaaange slike, og verre stilte løder omkring i landet... 

Lødene representerer faktisk ei historie...

Undrefull fruANE 

torsdag 2. mai 2019

Kunstuttrykk

Eg rotfyllte ei tann i dag tidleg, og låg ein heil time med open kjeft i tannlegestolen. 
...
Tannlegen og assistenten brukte så mange rare og totalt framande ord, medan dei samarbeidde om den gjenstridige tanna ( ...for den har vore rotfyllt før - 11 år sidan ).
...
Eg fekk ein idè!
...
Då timen var over, og eg kunne bruke kjeften på ein skikkeleg måte, fortalde eg litt av ideen min...
...
"Samle ord og uttrykk frå tannlegesenteret, og bruke det i eit kunstprosjekt".
...
Dei to + dei andre på tannlegesenteret vil samle ord og uttrykk til meg, og me avtalte at eg kjem attende for å hente lista i midten av månaden...
So får me sjå om dei held det dei lovar ;)
...
Eg drog direkte til jobb, og der kverna ideen litt lenger...
...
og slik vart det altså til
...
Eg fekk lyst til å spørje på facebook og på Instagram om folk kunne tenkje seg å hjelpe til...og spørsmålet gjeld for deg som les dette også ;)
...

HEISANN ;)
Eg treng hjelp frå DEG :) 
Kva driv du på med, av hobby/yrke?
Skriv ei privatmelding til meg, der du beskriv hobbyen/yrket ditt, - med alle slags ord og uttrykk du berre kan kome på...
Pssst! Ingen namn blir brukt ;)
Eg skal bruke dette i eit KUNSTUTTRYKK :) :) :)
Blir du med?

Klem frå fruANE <3

Bildet vart lagt ut på Instagram @anitanese

Musikar
intro
vers
tekst&melodi
bridge
copyright
komponist
musisere
taktstrek
g-nøkkel
f-nøkkel
dur
moll
repetisjonsteikn
osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv

Av omsyn til sjølve kunstuttrykket, kan eg ikkje dele meir i denne omgang ;)