onsdag 8. mai 2019

Ei løde

Denne løda går eg stadig forbi...
har gjort det i mange år...

Eg synest det er eit stasbygg, med ein utruleg flott mur, som fundament, og eit flott reisverk over...

MEN


...når eg snur nasa heimover, så  ser det diverre slik ut...

Eit tak som er flerra av, av vind og uver...og dertil mykje som er rote og nøydelagt.

Eit trist syn"


Er det ingen som bryr seg?
Eigarane?
Kommunen?

Kva skjer neste gong det stormar, eller kjem ein orkan?
Skal nokon bli skada, før noko skjer?

Eg veit at det finst maaaange slike, og verre stilte løder omkring i landet... 

Lødene representerer faktisk ei historie...

Undrefull fruANE 

1 kommentar:

  1. No har eg nyst fått greie på kven som eig, og kva som skal skje med løda... Til sommaren skal den jamnast med jorda :( men det fine er at ting og tang, stenderverk og det som er av verdi, skal takast vare på... Eit minnesmerke blir borte, diverre :(

    SvarSlett