fredag 23. april 2021

HJØRGOT - og HÅSINJE hinnja

Litt om Hjørgot <3


Hjørgot har vore i livet mitt, sidan eg dreiv revy i Hasundgot tidleg på 90 talet.


Første "lådd"-runde i nabolaget

Ho kom til meg att, etter ei lang pause hausten 2019, i ein litt meir moderne vri...der gjenbruk står i fokus.

Hjørgot elskar bruktbutikkar i alle former, noko som "heimen" og livet hennar er sterkt prega av.

Hjørgot er ei godt vaksa tausakjæring som bryr seg om det meste, men ikkje alltid har greie på det ho uttalar seg om. Ho tikst ha greie på det meste, og pratar med dei fleste folk som kjem i hennar veg.


Her er væskå ho kjøpte på brukten

Ho var på brukten i Ørsta for å finne seg klede, sko og handveske, og feira det med ei låddronde i nabolaget same kveld.




Den første gongen ho var offentleg, var på eit besøk på anlegget SSR i Saunesmarka, i Ulstein. Der fekk ho ei trilljevæske til odel og eige, sidan ho hadde vore på utkik etter ei slik... Monica med C, og flokken hennar på ssr hadde vore på jakt etter den, og brått ein dag var den der.

Til Hjørgot si store glede!

Etter ei omvisning på "bruket" og helste på arbeidarane der, også øvste sjefen, fekk ho med seg både blomsterkrukke i keramikk og ein stor krans, som ho hengde over hovudet. Slik gjekk ho derifrå den ettermiddagen, og vart "henta" av dei ho leige rom i kjellaren med.


På fellesøving med Ulf og Hdu



På biblioteket

På korøving med Hemingen


Sidan då, har det vorte fleire "turar" i offentlegheita, som vitjing hjå Bibliotekven Kristin på Stykkja på Biblioteket, fellesøving av Hdu og Ulf der ho sjølv spelte på klarinetten sin, korøving med Hemingen der ho både song åverstemmå og dirigerte litt, - alt dette før corona.

Sist haust vart det haustmesse i Haddal, der hadde ho sin eigen stand, der ho selde håser, og entusiastisk fortalde folk om dei ulike teknikkane ho brukte.

Før jul vart det utstilling med Julegeitene på Amfi i Ulsteinvik, med ei runde på husa for å snakke med folk, sjølvsagt med ein meters avstand. Ho hadde med seg meteren!

Spøtepåddkast nommer 1

Spøtepåddkast nommer 2 

På nyåret fekk ho mykje tid til å lytte og sjå strikkepodcastar, og fekk hug til å lage sin eigen.

Spøtepåddkast nommer 1, 2, 3 og 4 har sett dagens lys, og ligg ute på Facebook sida hennar.

Ho har også sin eigen Instagramkonto, der ho når eit større publikum enn dei som er på feisbokja.


Spøtepåddkast nommer trei

Her er nokre av kaffikåppanje


Hjørgot tek det som det lagar seg, og brått er ho på farta att. Ho håpar på å få vaksine snart, slik at ho får farte litt meir rundt.

Her deler ho villeg ei tilnærming av Hjørgot-håsinja...for den som vil spøte dei ;)
VERSÅGOD!

Frå Spøtepåddkast nommer 4


 "Hjørgot - håse nommer 1" - frå brotet og til tå.

Legg opp 30 mauskar! Strikk først to pinnar fram og tilbake, slik; 1.pinne: strikk 1 rett. hent opp 1 m ved å føre den høgre pinnen under venstre pinne og hent opp garnet, 1 rett, gjenta - ut pinnen = 59 mauskar på pinnen. 2.pinne: 1 rett, 1 vrang, gjenta - til det står att 1 m. Herifrå skal brotet på Hjørgot-håsinje strikkast rundt, og før du gjer det, strikk siste og første mauske saman. Strikk rundt med vrangmauskane i farge 2, og rettmauskane med grunnfargen heilt til du synest brotet er breitt nok... 4 omg. gult, før mønsterbord (sjå rapport). Hæl: strikk halvparten av mauskane til hæl, fram og tilbake ca 6 cm. Tradisjonell hælfelling! Ta opp langs sidene på hælen, og fell på kvar omg., på hælkappa til 50 mauskar. Strikk mønsterbord(motsatt frå sist). Etter borda, strikk til 5 cm før felling av tåa. Fell på 2.kvar omg. 4 gongar, deretter kvar omg til ca 14 mauskar. Snurp ihop og fest enden godt. Fest endar! Klar til bruk😉




"Hjørgot - håse nommer 2", frå tåa og opp... Starten er henta frå "tåoppbladsokker: "Legg opp 8 masker fordelt på 2 korte rundpinner nr. 3, ev. 4 settpinner. Omgangen begynner i siden av sokken, og maskene til oversiden av sokken strikkes først. Sett et merke her. Strikk slik diagrammet viser. Strikk 1 omgang over alle maskene. På neste omgang økes det ved å strikke 2 ganger i hver maske slik: Strikk rett, men behold masken på venstre pinne. Strikk masken en gang til, men denne gang i bakerste del av masken. Strikk 1 omgang rett. På neste omgang strikkes det
1 rett, 2 masker i 1 maske som tidligere. Gjenta fra * til * omgangen ut. Strikk 1 omgang rett". Fortset auke slik 2.kvar omg til du har 60 mauskar. Strikk mønsterborda nedanfrå og opp, og fortset med grunnfarge til du startar med helfellinga. Hælfelling: "Det skal nå strikkes hæl fram og tilbake over de glattstrikkede maskene på undersiden av sokken mens maskene på oversiden hviler. Vendingene gjøres ved å lage kast rundt den neste masken på pinnen som ikke skal strikkes før arbeidet snus på følgende måte: Hele hælen skal strikkes i glattstrikk (med retten ut). Den første pinnen til hælen blir fra vrangen. Strikk 29 masker, til det gjenstår 1 maske på pinnen. Ta den siste masken løs over på høyre pinne uten å strikke den, legg tråden rundt masken og sett masken tilbake på venstre pinne. Snu arbeidet og strikk 28 masker, ta neste maske løs av og kast tråden rundt masken før du setter den tilbake på venstre pinne igjen. Fortsett slik fram og tilbake og strikk 1 maske mindre for hver vending til det gjenstår 12 masker midt på pinnen. Du har nå strikket den første halvdelen av hælen. Den andre halvdelen av hælen skal også strikkes ved hjelp av vendinger, men nå skal det strikkes 1 maske mer for hver vending. Kastene du har laget skal nå strikkes opp, ett og ett, ved å strikke kastet rundt masken rett (fra retten) eller vrangt (fra vrangen) sammen med neste maske slik: Den førstepinnen er fra vrangen. Strikk 12 masker, plukk opp kastet rundt masken og strikk det vrangt sammen med masken med kastet. Snu arbeidet, ta den første masken løs av uten å strikke den, strikk 13 masker, plukk opp kastet rundt masken og strikk det rett sammen med masken med kastet. Snu arbeidet, ta den første masken løst av uten å strikke den og fortsett slik det er beskrevet, men det skal strikkes 1 maske mer for hver vending. Fortsett slik fram og tilbake til alle kastene er strikket opp og du igjen strikker over 30 masker. Avslutt med 1 pinne fra retten". Strikk mønsterbord ovanfrå og ned. Vidare: strikk brotet, som ved den andre "håså", så latvisk flette
😉og heilt til slutt italiensk avfelling 😉😉😉 Lukke til😍

Sjå;


Dersom du vil vere med på #samstrikk #samspøt av håser på facebook og instagram, 
merk med  #spøtefestivitas #samstrikk #samspøt og dersom du lagar Hjørgot-håsene, 
merk med #Hjørgothåsinje

FruANE <3



søndag 18. april 2021

 RUNDE


Når snøen gjer det vanskelg å gå i fjella her eg bur, utan ski - då fær eg til Runde.
Eg likar best å gå opp frå austsida av øya, for då får eg dette utsynet, når eg kjem opp på kanten. Heile øya framfor meg <3


Her i Lundeura brukar det vere eit leven av både fuglar og folk, men var åleine denne dagen...


Det er fasinerande å kike utfor kanten...


Det å sitje på ein bergknaus å ete nista si er apetittvekkande.



Frå Lundeura mot fjellsida - under Rundebranden, der fuglane hekkar denne tida på året.


Mange gjøl...


...rett i havet.


Skummelt!


Når ein går frå Goksøyra, nord på øya, er det fint å gå til Runde Fyr
og til Rundebranden( høgste punktet), og til Lundeura, før ein går tilbake til Goksøyra.


Det er ein fin rundtur om ein har bil i kvar ende av øya...
( eller haikar tilbake til bilen).

Eg kjenner eg "kjem heim", når eg kjem ut i øyane, ytst i havgapet. Muletua i Kvalsvika er også ein slik stad eg lengtar til når våren kjem, og snøen ligg på "fjella mine" her eg bur.


God søndag!

Klem frå fruANE<3


fredag 9. april 2021

SPØTEPÅDDKAST NOMMER TREI



Hjørgot kom ut med ny spøtepåddkast fredag før palmehelga! 

Sjå  Spøtepåddkast nommer trei om du vil ;)

(Bilda under er tekne frå video, så er ikkje så gode)

Ej heite Hjørgot mæ HÅ å JÅDD...


SJÅDDY er praktisk!


Inspirasjon frå andre "påddar"


"Kaffikåpp å spånsing"


"Ennj må onnje sej ennj litenj ennj i snopekåppenj sia de snart e påske, å for å renske opp i krænje"


"Sjå ka ej fannj på broktenj - påskehønå...mæ innjhald"


"Spånsing ta ganj"


"Ei ta gamlehøninje minå" 


Påskelilje i ei "krokke ej fannj på SSR, då ej hænta trilljevæskå mi"


"Givvavaienj - tvåge til hinnje Siv-Marit nåra Kaldhola å spøta håse til nje Siv-Bente innja Tressfjåra"


"Spøtepåse e so fole populære på disse påddanje, 
so ej he kjøpt ta nje Lappelina innji bygdinje hær i Haddal"


"Å hær e ennj skopåse so ej he fått ta mi goe væninde Rigmor, når i bya. De va fysst tænkt som reisevæske til ondetøy å slikt, mæn sia me ikkje fæ reise, so vart de skopåse til besteskona mine".


"Å hær he ho laga nålpute til mej. Ho e so dyktige dinnja kjelljå. Ej trur ho skal lage litt fårsjellig so mæ fæ kjøpe. Ej lyte høyre mæ nje"


"Å hær vise ej korr dåkke ska spleise ganj,mitt i strikkearbeia dåkka. De e ho Rigmor so he lært mej ditta åkså".


"Hær e ei tvåge so e færikt sia sist!


"Å hær e ennj fjållete teng, so ej he kåmt på. ennj slaks hatt til å ha oppå nårgesglasa mine".


"Å so he ej plata nåke frø..."


"Å på mej, so he ej eit spøta teppe åver kneina so ej ikkje ska fryse. De e eitt koldgofs neida gålva"


"So he ej pønta mej mæ ennj neglisjei ette ei gammalje tante. Ska sei ho spjåka sej til du".


"Dinnje trøyå elle blusenj - fineblusenj so ej tæke på mej når ej ska vere mæ fålk also, denj fekk ej ta nje Kristin på Stykkja, so ærvde denj ette ei tante. jænbrok i generasjona ditte hær".


"Sjå på dinnje kreasjonenj. kankje kvitte sej mæ slikt, sjøl om ej ikkje fæ broke".


"Å dinnje he til å mæ belte"


"Litt syttitals kansjæ"


"Å hær e bestekjolenj minj so ej he våkse uto..."



"Rosk å rask før nåkenj.skatta før mej"


"Mykkje pænt ette fårmødrinje våra"


"Å hær e ennj pænt broderte hardangerduk so he fått nåkre gåle flekka. e de nåkenj so he nåkre goe råd?"


"Ei nydli hekla brikke"


"Å snart ska ej legge på påskedukjenj på storbora mitt. då kan påskå bære kåme".


Hjørgot kjem nok ut med fleire "påddkastar" etterkvart...

Det har vore stor respons - og Hjørgot vart "gjest" i ein ekte podcast av Brit Vie, 
som heiter Brit Strikkenerd
Ho er på You tube, så sjå: Frå episoda der Hjørgot er "gjest"

Eg har fått så utruleg mange og fine tilbakemeldingar <3 det set eg umåteleg stor pris på <3 

TUSEN TUSEN TAKK!

Helga nærmar seg, så GOD HELG!


Klem frå fruANE<3