søndag 18. april 2021

 RUNDE


Når snøen gjer det vanskelg å gå i fjella her eg bur, utan ski - då fær eg til Runde.
Eg likar best å gå opp frå austsida av øya, for då får eg dette utsynet, når eg kjem opp på kanten. Heile øya framfor meg <3


Her i Lundeura brukar det vere eit leven av både fuglar og folk, men var åleine denne dagen...


Det er fasinerande å kike utfor kanten...


Det å sitje på ein bergknaus å ete nista si er apetittvekkande.



Frå Lundeura mot fjellsida - under Rundebranden, der fuglane hekkar denne tida på året.


Mange gjøl...


...rett i havet.


Skummelt!


Når ein går frå Goksøyra, nord på øya, er det fint å gå til Runde Fyr
og til Rundebranden( høgste punktet), og til Lundeura, før ein går tilbake til Goksøyra.


Det er ein fin rundtur om ein har bil i kvar ende av øya...
( eller haikar tilbake til bilen).

Eg kjenner eg "kjem heim", når eg kjem ut i øyane, ytst i havgapet. Muletua i Kvalsvika er også ein slik stad eg lengtar til når våren kjem, og snøen ligg på "fjella mine" her eg bur.


God søndag!

Klem frå fruANE<3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar