GRATULERER MED DAGEN!
Eg kjenner to flotte damer som har bursdag i dag
- ei ung
&
- ei midt i livet
Begge to er herlege på sine spesielle måtar.
Eg feira 8. mars med ski på beina,
med ein liten tur innom hytta for å ete lunsjpakken
- ilag med Roffen & mannen min, -
og avslutta dagen ilag med sonen min
( som er heime berre i dag)
og veslejenta
( som ikkje er så lita lenger).
Den mellomste jenta er på stortur i utlandet ( 7 veker).
Eg kjenner meg så rik,-
når eg kjenner denne lukkekjensla ved å gå på ski,-
kjenne sola varme meg på kinnet,-
sjå korleis hunden nyt friheita,
og smiler til meg der han spring tulling i snøen,-
gå der i lag med mannen min,
i stilla,-
og berre høyre stavane i snøen når skia gli på silkeføret.
Rik,-
når eg kokar kaffien på primus,-
og nyt kaffien ilag med nista heimanfrå,-
i den lune gode kråa ved hytteveggen.
<3
Det var min
KVINNEDAG!
Eg er heldig som får ha det slik <3
Klem frå
ANE