fredag 12. april 2019

Heilt nok!

Eg skjems, eller gjer eg det?
No har eg bestemt meg for at eg ikkje gjer det...
elles ville dette blogginnlegget ikkje kome på trykk ;)


Torsdag denne veka var fullpakka med oppdrag, men eg stakk av frå ALT, og gjekk til det gamle treet.


Eg elskar slike område, der gamle tre,
 steingardar og gamle tufter er...
eg får puste på ein heilt annan måte...


...og nett difor kjem eg attende hit...




...til det gamle treet <3


Det har vore mykje oppfølging av nære pårørande over ein periode...
OG
eg har vore mykje tilstades,
med oppfølging,
kjærleik og omsorg...


...og innimellom litt betalt jobb,
 har eg fått til ein balanse mellom påfyll og plikt...



...men denne torsdagen fall alt i grus...


Eg tok på meg turklea,
pakka sekken,
og drog til Perlå <3 mi,
den vesle hytta vår -
saman med dei to hundane,
Bobby og Roffen <3 <3

Der gjekk eg i sol frå skyfri himmel til det gamle treet, og sette meg ned, langt frå folk og styr. Hudane fekk lukte, og naut friheita saman med meg, under det store treet...

Eg skulle ha vore på jobb, og eg skulle ha vore hjå mi kjære mor <3

Eg var her <3

Tilbake til Perlå,
fyrte eg opp i bålpanna mi,
og las krim -
alle tankar vekk frå pliktene -
og eg vart heil att <3

Same ettermiddag/ kveld, reiste eg til mor mi <3

Så,
kva om eg ikkje hadde gjort desse prioriteringane denne dagen -
når eg kjende det slik i kroppen denne morgonen?

Eg har nok lært frå tidlegare episoder i livet mitt ;) lært å lytte til kroppen...

He ein fin-fin Palmelaurdag <3

Klem frå fruANE<3


onsdag 3. april 2019

Tidsreise i strikkeoppskrifter

Eg har blogga om kofter og slike ting fleire gongar...og i dag fekk eg ein koseleg telefon, frå ei som hadde lest bloggen min, og etterlyste ei oppskrift ho hadde sett :)
Det er denne; "Harstad".
 Ho ville så gjerne strikke denne kofta til ein nær venn <3 


Eg var overbevisst om kvar oppskrifta var...men i staden vart eg sitjande på det overfylte hobbyromet mitt og mimre...


Slik ser det ut i skrivande stund...og eg måtte leite gjennom ein gode del permar, før eg fann den rette. 
Du verden for eit system eg har, undra eg meg på... 
Her trengst det ei opprydding, men først skal eg ta dokke med på ei "tidsreise" blant strikkeoppskriftene ( dei lause), som eg har teke vare på opp gjennom tidene( også frå mamma sitt syskrin) <3
Og eg har lassevis av oppskriftsbøker, berre so det er sagt...

Kanskje ein kan ha eit "Bibliotek" for gamle oppskrifter?


































































PUH...
endeleg ferdig...
...
Var det noko som fall i smak?
...
Ein kan liksom ikkje kaste desse oppskriftene, kan ein vel? 
...
Neidå!
...
 Eg tek vare på dei, så kan andre vurdere, etter meg...
...

God kveld <3
...
fruANE <3