fredag 12. april 2019

Heilt nok!

Eg skjems, eller gjer eg det?
No har eg bestemt meg for at eg ikkje gjer det...
elles ville dette blogginnlegget ikkje kome på trykk ;)


Torsdag denne veka var fullpakka med oppdrag, men eg stakk av frå ALT, og gjekk til det gamle treet.


Eg elskar slike område, der gamle tre,
 steingardar og gamle tufter er...
eg får puste på ein heilt annan måte...


...og nett difor kjem eg attende hit...




...til det gamle treet <3


Det har vore mykje oppfølging av nære pårørande over ein periode...
OG
eg har vore mykje tilstades,
med oppfølging,
kjærleik og omsorg...


...og innimellom litt betalt jobb,
 har eg fått til ein balanse mellom påfyll og plikt...



...men denne torsdagen fall alt i grus...


Eg tok på meg turklea,
pakka sekken,
og drog til Perlå <3 mi,
den vesle hytta vår -
saman med dei to hundane,
Bobby og Roffen <3 <3

Der gjekk eg i sol frå skyfri himmel til det gamle treet, og sette meg ned, langt frå folk og styr. Hudane fekk lukte, og naut friheita saman med meg, under det store treet...

Eg skulle ha vore på jobb, og eg skulle ha vore hjå mi kjære mor <3

Eg var her <3

Tilbake til Perlå,
fyrte eg opp i bålpanna mi,
og las krim -
alle tankar vekk frå pliktene -
og eg vart heil att <3

Same ettermiddag/ kveld, reiste eg til mor mi <3

Så,
kva om eg ikkje hadde gjort desse prioriteringane denne dagen -
når eg kjende det slik i kroppen denne morgonen?

Eg har nok lært frå tidlegare episoder i livet mitt ;) lært å lytte til kroppen...

He ein fin-fin Palmelaurdag <3

Klem frå fruANE<3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar