søndag 28. oktober 2018

Reisebrev og opplevingar

REISEBREV -
for eit pompøst ord -
eg brukar det likevel -
eg likar det like mykje som eg mislikar det...


Ja ja, då står eg her og ventar likevel...15 min.- midt mellom dei høge fjella på hovudvegen mellom  to tunnelar, der eg skal til på Kvivsvegtunnelen. 
Det hadde nok lønt seg å vente på ferga i Volda...men men, eg har tid! 

Eg starta heimanfrå med god "drive" mot Sandane. NRKJazz var med meg på vegen, og eg berre naut friheita - og kjende eg kunne køyre Peugeoten min i det uendelege...Eg skulle til Sandane på veninnetreff <3 <3 <3

Litt uviss på kva veg eg skulle ta, men då eg nærma meg Volda,- såg eg ferga seig frå land på Folkestad.
Eg tok Kvivsvegen!
Etter Rotsethorntunnelen var skodda tjukk som graut...vanskeleg å kjenne seg att - her som eg har køyrd så mange gongar. Det var berre tunnelane som hjalp meg å fortelje meg kvar eg var. 
Då eg kom gjennom Paddetunnelen ( eg kallar den det! Siste tunnelen før den store Padda i Austefjorden), var det ei lita lysning gjennom skoddeveggen, sopass at eg såg Storevasselva og fossen der far min brukte å fiske laks i... Eg trur han fekk laks nokre gongar i laksefiskarkarriera si. 

Etter neste tunnel var det eit nydeleg sollys gjennom skoddelaget - og eg fekk sjå mitt barndoms paradis
Nes <3 


Her eg står no, er det heilt skoddefritt. Sola kryp sakte nedetter dei bratte fjellsidene som har fått snø på toppane og eit stykke nedetter fjellsida. Det er rim på markane, og eg ser at vaktmannen som står med raudeblinken, frys. Eg lurer ei stund på å invitere han inn i varmen, men han må stå på post med raudeblinken, for å stoppe bilane bak meg. 

Me lyt berre vente, alle ihop...
Det skal seiast at freistnaden for ein god lunsj på Løvland Pub og spiseri på Grodås, styrte bilen lett forbi fergekaia i Volda. Skal eg angre på valet, her eg sit?

Nei! 
Der kjem leidebilen...

...og for kva?

For eit tull! Å vente i 15 min på leidebil, for å køyre i max 60 km/t gjennom den 7 km lange tunnelen, og med "berre" ein blinkande bil som utførte nokre elektriske greier?
Dei har vel sine reglar!

Sola blenda meg, idet eg kom ut av elendet...alt gløymt, og no sit eg altså her på Løvland - med heimelaga tomatsuppe m/egg og bacon, deileg brødbakst og nydeleg heimelaga smør...mmmmm...

Det som ikkje fekk plass på brødskivene, maula eg...( veldig usunt, men...).

Velkomen til Løvland

Heimelaga tomatsuppe + + +

Her er verkeleg ein flott plass,- nyopna for eit par veker sidan, og med to herlege damer bak dei tøffe diskane. Smilande blide damer, mor og dotter - den eldste full av nordnorsk lynne og humør ;)
Eg stortrivst her eg sit <3
Eg kjem att, garantert ;)

Når du kjem inn...kjenner du lukta av nysteikt brød, kaffe og noko meir...
...og til høgre finn du dette...

...til venstre ser du...
...og dette.
Litt lenger inn i lokalet, finn du vegen til "tilbygget" - og her vil eg sitje ein annan gong.




Her er det fleire sitjeplassar.

Veggane kjem av frålagt materiale frå "bygdafolk" og kjentfolk...og diskane er av bølgeblekk. Kult!


Ulike tekstar...

Eg takka fint for meg, og rusla ut i den kalde lufta...god og mett, glad og tilfreds :)
 Sola hadde enno ikkje kome ned til bygda, så det var ei god gnæse...

Turen gjekk vidare til Nordfjordeid, utan altfor mange forseinkingar...berre at eg "låg" bak ein diger trailer med hengar full av tømmer. 

På Eid, opera bygda, og der Stjernekamp-favoritten Alexander Pavelich kjem frå...vart det tur på bruktbutikken til NMS.
Ein romsleg og oversikteleg butikk, som rommar det meste av det ein treng...eller ikkje...
Eg plukka med meg ein snopekopp ( som eg oppdaga stod "bestemor" på, då eg omsider pakka den fram ;)
Den skal få "kvile" til eg treng den, evt at andre treng den før meg...
Eit par grøne stett-skåler i ulike storleikar stod der og lokka på meg
...
og ei hekla dorulldokke :) :) :) 
noko so "harry"...
(den skal få heidersplass på utedo).


Lauget Kaffi & Kultur <3
Eg har følgt Lauget på facebook sidan dei starta for 2,5 år sidan, og har sett alt det spanande dei har fått til der... Sidan eg har ei god veninne på Sandane var det på tide å sjekke ut denne møtestaden, - på "Strikk & drikk" fredag kl 18 - 23.00.
Me var tre i følgje denne tidlege kvelden, og var heldige som fann ein koseleg krok, og bestilte dessertkaffe ( sidan me ikkje rakk desserten heime ;). Mange strikkeglade DAMER i alle aldrar dukka etterkvart opp, og det vart fullt. 
Ein retteleg koseleg kveld, med mykje strikk og mindre drikk, sidan det er altfor interessant å strikke...og utveksle tyting med dei ein sat saman med.


Trivselsskogen - turar for alle...










Stien til Kjærleiksskogen:
"Her er det rom for hjarte og kjærleik i alle former. Riss inn i barken, heng opp eit trehjarte på ein stamme, lag eit hjarte i skogbotnen...
Berre fantasien stoppar deg!
Pass berre på at du er med på å gjere Kjærleiksskogen til ein triveleg stad å vere for alle"!

Hjarter i ymse fargar og storleikar
Midt i  Kjærleiksskogen<3



Turen gjekk vidare til Draumekvila 210 m.o.h. - ei DNT hytte ( dagsturhytte), som er open for alle :) og her var det godt å sitje 


Her måtte me setje frå oss skoa utandørs, medan me fekk låne sokkar innandørs...så til ære for utsikta, sokkane og Draumekvila, vart dette biletet til <3

Her var bøker til låns, og deilege strikka-og hekla sitjeunderlag og tepper.
Ikkje rart det vert kalla Draumekvila <3


Neste stoppestad vart TIN camp - trygg i naturen "ein naturleg samlingsplass for positive opplevingar ute". Her kan ein booke og reservere plass.

...og her kan ein overnatte...

Fantastisk å rusle her...

Smeis for eit døgn <3 Ein treng altså ikkje reise så langt for å få minnerike opplevingar 
( og det veit eg så vel), og nydeleg å vere på tur med kjekke damer <3 <3 <3

Takk for meg <3

fruANE <3

torsdag 25. oktober 2018

Bibliotekvenn


Eg er Bibliotekvenn - 
ein venn av biblioteket :)
- som er tydeleg og synleg vaksen, som har eit ekstra hjarte for 
 - etter at beteninga er ferdig for dagen, og medan resten av Arena er ope...


I kveld var det 3. gongen, så då er det so og seie tradisjon å kombinere Bibliotekvenn, 
med Strikk&Tyt ;)


Det vart tid til inspirasjon og boklån...


...litt medbragt te, og 
Strikk&Tyt.

Om du har lyst til å slå lag, er du velkomen til det ( siste torsdagen i månaden kl 19-21).

Klem frå fruANE

søndag 21. oktober 2018

Bøsseberar 2018

Årets TV-aksjon 2018 - 
...
hausten sin store søndag
...
hugsar at eg som barn sat klistra framfor tv-skjermen, og som i vaksen alder har fått vore med...
som bøssebærar <3
(mange år sidan sist no, og kjende at formålet var innanfor det eg ville stå for)

Her er eg smilande, etter 1.5 timar på føtene...
"Mindre alene sammen" - ein nydeleg tittel for årets aksjon <3



Bøssa frå Tv-aksjonen 2018

Oransje skjerfet - som skal vidare...
Kjenner meg glad og takknemleg for å få vere med på dette fellesløftet <3

Klem frå fruANE <3

torsdag 18. oktober 2018

Giveaway - gi vekk

Eg har starta ein #giveaway på Instagram og Facebook, 
og tenkte at dokke på bloggen også må få vere med...
Instagram; @aneogstorsjal


#giveaway - eitt av desse 8 storsjala - skriv kva farge du vil ha 😊 frist 24.okt. Kl 20.00 😉 #storsjal i #alpakkaogsilke #brushedalpacasilk #dropsgarn -
 i fargane: 
lys beige, beige, lys grå, grå, lys grågrønn, lilla, lyng, og svart.

Lyng

Lys grå og grå

Lys beige og beige

Lys grågrønn, lilla og svart

Klem frå fruANE <3

tirsdag 9. oktober 2018

Hurtigrutetur

Eg er så glad i Hurtigruten og har ved nokre høve vore på korte distansar. 
Denne gongen vart det tur/retur Trondheim, med eit par dagar i Trønderbyen, saman med husbonden, bror og svigerinne. 
Me budde på det største hotellet eg nokon gong har sett...
Clarion Hotel Trondheim - praktisk beliggenheit i forhold til kaia og resten av byen.

M/S Trollfjord legg til kai i Torvik.
Kongeleg velkomst <3



Kjekkas - inn til lugaren <3

Vel installert på øvste dekk <3
Kjekt å reise med strikk, for då kjem ein i kontakt med andre strikkarar...som ei dame frå Chicago... Ho hadde avslutta nokre sokkar kvelden før, og hadde kjøpt nytt garn og mønster. Ho hadde ei utfordring... Ho forsto ikkje kva det betydde, for ho hadde kjøpt norsk mønster. Ho skulle strikke ei kofte eg hadde strikka før, så eg kunne rettleie henne på vegen. Ho var både takknemleg og glad <3 "Strikkarar hjelper kvarandre", sa ho...og slik er det ;) :)

Ålesund - Hjørundfjorden, med moglegheit til å gå i land.
I programmet står det
"Vi krysser Storfjorden og starter seilingen inn Hjørundfjorden - en av Norges vakreste fjorder. Hjørundfjorden er ca. 33 km lang".
Denne dagen var barnehagen på hurtigrutebesøk, noko dei gjer ein gong i året <3

Bilda er tekne midtfjords på Urke.

Treretters middag og god drikke :)

"Trollfjord" - mykje kunst ombord - med eigen kunstkatalog ;)


Golvteppet ombord



Gamle bybro

Kjekke og gode husbonden kjøpte seg sixpence<3





Det vart omlag 12.000 steg denne dagen ;)



Sjarmerande <3

       
                                                                        Bakklandet




Bakklandet Skydsstasjon
Inspirasjon til meir hekling... Artig måte å bruke gryteklutar på... Bordbrikke eller til å ha koppen på...

Klokkestrengar og puter i fleng...Bakklandet Skydsstasjon
Deileg lunsj på Cafe Løkka 



Ettermiddagskaffe med noko godt i, på RØFT. RÅTT. EKTE..


                               Elles å melde om ei god økt i symjehallen, eller sokalla  Pirbadet ;)


Kino - "Musikkens stillhet" - herved anbefalt!


M/S Lofoten og M/S Nordkapp - gamal og nyare hurtigrute, ved kai i Trondheim.
Me tok M/S Nordkapp, ei av hurtigrutene karane våra har vore med å bygge på Kleven i si tid. No er den oppgradert og oppussa...

Pssst...mannen min og eg var så heldig den gong, å få vere med på båtdåpen, av sjølvaste Dronning Sonja :)

Hurtigrutekunst


Godt installert i sofakroken
...og det er stor forskjel på dei reisande på nord, og sør...
...
Dei på nordgåande er meir oppsøkjande og interessert i å prate, noko dei sørgåande desidert ikkje er...

Starten på Hustadvika
...endå bra stille sjø...

Litt styrkjedrykk = dessert 
...men det vart litt værre etterkvart...

Strikk til far sjølv...
So skulle me gå i land i Torvik, kl 02.15 men grunna sterk vind gjekk Hurtigruta vidare...
So me vart med heile turen til Bergen og retur Torvik, - alt dekt :)

 Veldig god service frå Hurtigruta :)

Eg undrar: 
Kvifor ikkje ha ei "naudhamn" på Mjølstadneset? 
Det er slett ikkje kjekt å få vite at du ikkje kan gå i land...når nokon står der og ventar på deg, du har avtalar morgonen etter eller andre ting som gjer du ikkje kan vere med vidare...
Det passa heldigvis for oss...me endra avtalar osv., 
men...
er det slik det skal vere, synest de?
Eg vil etter denne turen kvi meg for å bestille hurtigrutetur frå Torvik...

BERGEN

Me kom til Bergen ca kl 15, så me rakk ein god tur på land. Grei bonus det, når alt vart som det vart...
Endeleg - Torvik
Eg klarte meg bra på turen frå Bergen. Drakk svart te, utan sukker, og la meg før ope hav...
Ei oppskrift for andre?

TAKK FOR TUREN <3
og

TAKK FOR LAGET <3