tirsdag 9. oktober 2018

Hurtigrutetur

Eg er så glad i Hurtigruten og har ved nokre høve vore på korte distansar. 
Denne gongen vart det tur/retur Trondheim, med eit par dagar i Trønderbyen, saman med husbonden, bror og svigerinne. 
Me budde på det største hotellet eg nokon gong har sett...
Clarion Hotel Trondheim - praktisk beliggenheit i forhold til kaia og resten av byen.

M/S Trollfjord legg til kai i Torvik.
Kongeleg velkomst <3



Kjekkas - inn til lugaren <3

Vel installert på øvste dekk <3
Kjekt å reise med strikk, for då kjem ein i kontakt med andre strikkarar...som ei dame frå Chicago... Ho hadde avslutta nokre sokkar kvelden før, og hadde kjøpt nytt garn og mønster. Ho hadde ei utfordring... Ho forsto ikkje kva det betydde, for ho hadde kjøpt norsk mønster. Ho skulle strikke ei kofte eg hadde strikka før, så eg kunne rettleie henne på vegen. Ho var både takknemleg og glad <3 "Strikkarar hjelper kvarandre", sa ho...og slik er det ;) :)

Ålesund - Hjørundfjorden, med moglegheit til å gå i land.
I programmet står det
"Vi krysser Storfjorden og starter seilingen inn Hjørundfjorden - en av Norges vakreste fjorder. Hjørundfjorden er ca. 33 km lang".
Denne dagen var barnehagen på hurtigrutebesøk, noko dei gjer ein gong i året <3

Bilda er tekne midtfjords på Urke.

Treretters middag og god drikke :)

"Trollfjord" - mykje kunst ombord - med eigen kunstkatalog ;)


Golvteppet ombord



Gamle bybro

Kjekke og gode husbonden kjøpte seg sixpence<3





Det vart omlag 12.000 steg denne dagen ;)



Sjarmerande <3

       
                                                                        Bakklandet




Bakklandet Skydsstasjon
Inspirasjon til meir hekling... Artig måte å bruke gryteklutar på... Bordbrikke eller til å ha koppen på...

Klokkestrengar og puter i fleng...Bakklandet Skydsstasjon
Deileg lunsj på Cafe Løkka 



Ettermiddagskaffe med noko godt i, på RØFT. RÅTT. EKTE..


                               Elles å melde om ei god økt i symjehallen, eller sokalla  Pirbadet ;)


Kino - "Musikkens stillhet" - herved anbefalt!


M/S Lofoten og M/S Nordkapp - gamal og nyare hurtigrute, ved kai i Trondheim.
Me tok M/S Nordkapp, ei av hurtigrutene karane våra har vore med å bygge på Kleven i si tid. No er den oppgradert og oppussa...

Pssst...mannen min og eg var så heldig den gong, å få vere med på båtdåpen, av sjølvaste Dronning Sonja :)

Hurtigrutekunst


Godt installert i sofakroken
...og det er stor forskjel på dei reisande på nord, og sør...
...
Dei på nordgåande er meir oppsøkjande og interessert i å prate, noko dei sørgåande desidert ikkje er...

Starten på Hustadvika
...endå bra stille sjø...

Litt styrkjedrykk = dessert 
...men det vart litt værre etterkvart...

Strikk til far sjølv...
So skulle me gå i land i Torvik, kl 02.15 men grunna sterk vind gjekk Hurtigruta vidare...
So me vart med heile turen til Bergen og retur Torvik, - alt dekt :)

 Veldig god service frå Hurtigruta :)

Eg undrar: 
Kvifor ikkje ha ei "naudhamn" på Mjølstadneset? 
Det er slett ikkje kjekt å få vite at du ikkje kan gå i land...når nokon står der og ventar på deg, du har avtalar morgonen etter eller andre ting som gjer du ikkje kan vere med vidare...
Det passa heldigvis for oss...me endra avtalar osv., 
men...
er det slik det skal vere, synest de?
Eg vil etter denne turen kvi meg for å bestille hurtigrutetur frå Torvik...

BERGEN

Me kom til Bergen ca kl 15, så me rakk ein god tur på land. Grei bonus det, når alt vart som det vart...
Endeleg - Torvik
Eg klarte meg bra på turen frå Bergen. Drakk svart te, utan sukker, og la meg før ope hav...
Ei oppskrift for andre?

TAKK FOR TUREN <3
og

TAKK FOR LAGET <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar