tirsdag 8. mars 2016

Kvinnedagen

GRATULERER MED DAGEN!

Eg kjenner to flotte damer som har bursdag i dag
- ei ung
- ei midt i livet
Begge to er herlege på sine spesielle måtar.


Eg feira 8. mars med ski på beina,
med ein liten tur innom hytta for å ete lunsjpakken
- ilag med Roffen & mannen min, - 


og avslutta dagen ilag med sonen min
( som er heime berre i dag)
 og veslejenta 
( som ikkje er så lita lenger). 
Den mellomste jenta er på stortur i utlandet ( 7 veker).


Eg kjenner meg så rik,-
når eg kjenner denne lukkekjensla ved å gå på ski,- 
kjenne sola varme meg på kinnet,-
sjå korleis hunden nyt friheita,
 og smiler til meg der han spring tulling i snøen,-
gå der i lag med mannen min, 
i stilla,-
og berre høyre stavane i snøen når skia gli på silkeføret.
Rik,-
når eg kokar kaffien på primus,-
og nyt kaffien ilag med nista heimanfrå,-
i den lune gode kråa ved hytteveggen.

<3

Det var min 
KVINNEDAG!

Eg er heldig som får ha det slik <3


Klem frå 
ANE

4 kommentarer:

  1. SÅ herlig!
    Har vore ein flott solskinnsdag :-)

    Og visst er vi RIK!
    Måtte vi berre ha vet til å sette pris på det!

    SvarSlett
  2. Takk😃 Ja, desto viktigare er det å dele sine små, men dyrebare augneblinkar, og på den måten få augene opp for dei små, men store tinga❤️

    SvarSlett
  3. Du skriv så fint om det å ha det godt i kvardagen - det slår meg av og til når folk seier at ein må lyfte blikket; kanskje det er klokt å ikkje gjere det heile tida? Det å ha evna til å sjå det ein har rundt seg, og finne gode "rom" i kvardagen; det er vel det vi lever best med i lengda? Klem frå meg

    SvarSlett
  4. Takk for nydeleg kommentar, Synnøve ❤️ Go'klem

    SvarSlett