lørdag 18. mai 2019

Nasjonaldagen

GRATULERER MED DAGEN, NOREG!

Min første og beste 17.mai vart feira ilag med mannen min på Perlå <3 ilag med Roffen og Bobby <3 <3

Dette er bilder frå 2018 <3

"Ho kjende seg aller mest einsam i folkemengda på 17.mai"
- Både usynleg og altfor synleg på ein gong, liksom. Det einaste ho ville var å gå heim og vrenga av seg den kløande, tronge, altfor varme bunaden, skjorta ho panikkstrauk same morgon, skoa som var nye for tre år sidan, men framleis ikkje inngått. Men ho var der. Let borna dra henne med frå iskø til fiskedam til hoppeslott. Fordi det var deira dag. Borna sin dag. Ikkje hennar. Ikkje tenk, ikkje sjå rundt deg, ingen blikk å møta, ingen å snakka med likevel. Alle har kvarandre. Tankane fauk gjennom ho. Hamra seg fast. Ho svetta. Fekk nesten ikkje pusta. Snart ferdig no. Tvinga på seg eit smil. Ferdig. Heilt ferdig.

Ser du ei eller ein som ikkje har nokon å prata medi mengda, og ser litt lost ut( og kjenner du deg kanskje litt lost du òg)? Svelg tanken om at ho/ han sikkert ikkje vil prata med deg likevel, møt blikket, smil og start ein samtale. Sei det som fell deg inn. Det betyr kanskje meir enn du trur".

( henta frå #berrekristin sin Instagramkonto, - med løyve til å dele her).

<3 <3 <3

Nokon som kjenner seg att i teksta frå #berrekristin?
Ho set ord på så mange fine og vanskelege tankar <3 
TAKK, #berrekristin <3

Eg veit det er utruleg mange som kjenner på nett dei same tankane og kjenslene...

Screenshot av #nasjonaldagen på Instagram
...og jøye meg kor mange flotte bilder det er på sosiale medier sånne dagar...


Då eg var barn, spelte far min i korps...og ettekvart var det min tur til å spele i korps...i maaaange år, spelte eg i korps på 17.mai... Så vart eg mamma til 1, 2 og 3 barn, og følgde dei i toget, ilag med deira klasser...litt innimellom speling, samtidig som mannen i heimen song i mannskor, og soleis hadde sine opptredenar denne dagen...me for hit og dit...TRAVELT, men også kjekt! 
No er borna mine vaksne, og gjer sine tradisjonar denne dagen <3 <3 <3 og me som kan, møtast alltid på ettermiddag/kveld til kake og kaffe :) ;) 
Desse åra i seinare tid, har vore dei vanskelgaste å feire 17.mai på...sidan eg ikkje har hatt ei "rolle" å fylle...
Eg spelar ikkje i korps lenger, og mannen var "fri" frå kor, sidan mesteparten av koret skulle til Dublin...

<3 <3 <3

I år, for første gong - og heilt sikkert ikkje den siste...so reiste me til Perlå <3 - den vesle hytta vår  (som er ca 22 kv.m., utan straum og innlagt vatn), ilag med hunden vår og eine døtra sin hund  (Roffen og Bobby).


 Det vart ein vidunderleg dag <3
- med turgåing, boklesing, god mat, hengekøye "blues" ( som enda med knall og fall :) :) :) - men det gjekk bra...



Årgongen på treet og vinen???iallfall italiensk, både drikkande og i bokform...



 ...kveldane er oftast litt kalde, so då "måtte" me fyre litt...

Frå etasjesenga 18.mai <3


...med lufting av alt som "ber" støv...



Eg er så takknemleg som kan velje kva eg vil gjere på Nasjonaldagen <3

fruANE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar