torsdag 23. mai 2019

Eksamensvakt

Eg kjenner på ei stor glede og ære <3
Eg får vere saman med dei vidaregåande elevane, på kanskje deira viktigaste dagar... Eksamensdagane!

Eg er eksamensvakt <3 og synest det er givande <3

Frå sidemålseksamen - siste verset på "Mellom bakkar og berg".

Det er utruleg fint å få møte desse ungdomane på kanskje deira mest sårbare augneblink, når dei skal "vise" kva dei kan, etter ti år på skulebenken... 
Det er svært interessant å følgje med på det som skjer i klasseromet desse timane, og eg får "trene" på å sitje stille - utan å gjere noko anna enn å følgje med - som i sanning er utfordrande nok for meg...

Eg seier til dei at eg ikkje får hjelpe dei, men eg kan kome med eit oppmuntrande smil :) :) :)
og oppmuntrar dei gjerne til å sende smil til kvarandre undervegs...

I dag var det norsk hovudmål, der dei fleste har nynorsk som sitt skriftsspråk.
Eg likte oppgåvene deira, men er glad eg ikkje skal skrive i fem timar...


Ei av oppgåvene handla om forholdet mellom teknologi og menneske.

Biletet av Lisa Aisato  - "Jeg så deg på insta", 
henta frå boka "Til ungdommen", av Linn Skåber
sjå om Boka her.
( den står på boklista mi...)


Takknemleg <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar