lørdag 18. april 2020

KORGLUFTARDAGEN

KORGER - i hopetal...


Eg fekk ideen om å sette ut alle korgene eg har, 
på plenen...
for å få ei oversikt, 
og mest for gøy ;)


1 - den eldste i flokken, av gamalt handtverk, men teknikken? Eg held på med garnbitting (sjå eige innlegg på bloggen)
2 - impulskjøp
3 - Pilkorg, kjøpt på Rennebumartnan, - full av Årsteppe 2019 (eg held fortsatt på med å hekle rundt kanten...).
4 - den nest eldste, og som eg fekk i julegåve, ca 12 års-alderen :) Eg hugsar kor skuffa eg var då eg fekk denne korga, fordi eg hadde ønska meg nokre veldig populære skolettar... I dag er eg sjølvsagt veldig glad for denne korga <3
5 - impulskjøp
6 - impulskjøp
7 - danskekorga mi, den aller finaste og sist innkjøpte frå sist sommar <3
8 - impulskjøp
9 - ei heilt annleis korg av metall, og full av bomullsgarn-restar (brukt til diverse småstrikk,- og hekl).
10 - korga til ein vinballong (den vart kjøpt på bagasjeloppis på Grodås for eit godt år sidan).
11 - Nostalgisk korg, kjøpt på Rennebumartnan for fire år sidan.
12 - Skøye/ Skodje-korga for kr 80,- våren 1983 (eg hadde praksis på eit dagsenter i høve helse-og sosiallina på folkehøgskulen).
13 - Finske-korga frå Anja og Tapani Rastas (eit vennepar av foreldra mine, og som dei hadde med heim som gåve til meg <3
14 - Bobilkorga, til den første bobilen vår. Me måtte ha ei snerta korg mellom seta, der me kunne setje kaffekanna ;)





Det er bra kjekt med korger <3

Klem frå fruANE<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar