torsdag 2. april 2020

Ufoar - ting som flyt...

UFOAR
Eg snakkar om handarbeid som har vorte liggande over ei tid...og som ikkje har vorte ferdig.
Eg har ei del slike, for å seie det slik ;)

Årsteppe2019  <3
 Dette var mitt store prosjekt i fjor - årsteppe2019   Sidan teppet vart så stort, måtte eg legge det dobbelt, og hekle rundt kanten... Det har eg altså starta på no <3

Medan eg sit med dette, ulike fargar og blandingar i hytt og pine - så les eg i boka - alle namn og hendingar - og minnast <3

Tid for mimring, rett og slett <3 

Dokketeppe i Star Lace Stitch,- av trippel brushed alpaca silk (restegarn).

Sjå korleis du strikkar Star Lacy Stitch

Patentstrikk,
som først var tenkt til ein ponsjo,
men som blir til ein vest i svart dobbel brushed alpaca silk
( også i restegarn ;)

Broderi, som diverre har lege altfor lenge "på lager"( + endå fleire...)

Dominostrikk - lappeteppe.

Eg strikkar ei rute kvar dag, frå 12. mars(då Noreg stogga opp i høve Korona). 
Sjå teknikk om Dominostrikk :) 
Dette garnet kjøpte eg til ein genser( raudt og oransje saman), 
men var lite motivert til gensar, heller eit lappeteppe som skulle vise igjen etter korona
( eit slags minne).
Har du noko liggande, som "aldri" blir ferdig?

Me er mange som har det slik, høyrer eg :)

I tillegg til å ha ein del "ufoar", har eg som mål å redusere garnlageret...
Viktig å variere på arbeidet, ettersom motivasjonen må halde seg oppe <3

Klem frå fruANE<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar