lørdag 15. august 2020

HAGEN MIN

 Eg elskar hagen min <3

...med den kvite benken, ved bålpanna & kaffekjelen...
 alle blomane og oasane som finst...

Uthusveggen med to gamle utslagsvaskar frå fjerne tider... Potetkasser, som eg har hengt rundt omkring på uthusveggar og terasseveggar, med diverse pyntegjenstandar, frå her og der...med eit lite historisk sus over seg...

Onkel Olav sin gamle sykkel, med Blomkarse i sykkelkorgene...
og hekla blomster- og strikka hjerter i urtegrytene. 
Jerngrytene kjem frå Hagebø <3 <3 <3  
 3 stk. Norgesglas med steinar frå Island, Kreta og ein konfirmasjon( bordkort i Jenny sin konfirmasjon)...alle tre med regnvatn i...
Tønner, som i si tid var "blåser" for båtane bort på Vågelegane <3 
Tre garnkuler - utan tau...ligg og flyt i dei gamle emaljefata frå Hagebø...


Solparasollen, a kr 35,- frå NMS bruktbutikk, i ein hesjastrengtrommel ( fungerer fint som bord og stativ til solparasollen). Skinna i stolane er bilskinna frå Vinjar( mannen min) sin bil, ein Mazda tidleg på 1980 talet. 
Krakken, er halva av ein stol frå farmor sitt kjøken ( ein likedan som står inntil veggen). Bordet inntil veggen, er halva av eit bord( andre halva har me som bord m/ skuffe i inne i gangen). 

Kveldssola steikjer godt, og eg nyt eit glas raudvin, gjerne med ei bok eller eit strikk...
 Krukka på bordet kjem frå farmor si bestestove < 3
 og
 i trekassa
under bordet ligg litt av samlinga mi av garnkuler som eg har bunde sjølv <3
 Eg lærte det av ein eldre mann for eit par- tre år sidan :)
 Eg er skikkeleg stolt av denne kunsten :)
Det raude hjartet strikka og tova eg for ein del år sidan...


Endene som sym i eit gamalt emaljefat, kjem frå Ebeltoft,
 og er eit suvenir frå teltferien i fjor sommar <3 

Heilt til slutt vil eg at du skal lukte på erteblomane mine,
 eller iallfall forestille deg at du kjenner lukta der du sit
 <3 <3 <3

Ha ein fin-fin laurdagskveld <3

Klem frå fruANE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar