lørdag 26. januar 2013

Hjarteleg velkomen!

Trongen til å blogge igjen vart for stor... 
Så her er eg med ein ny blogg! 
Det er ei stund sidan eg blogga, og sidan sist har eg vore innom nokre bloggar som fasinerer meg. Dette førte til at eg ville blogge igjen! 
Eg valgte å kalle bloggen min for 
"Mitt vesle bakeri <3".


Grovbrød,
kveitebollar med kanel & kardemomme,
til kjøling ute i det fri.

Eg elskar å bake, spesielt gjærbakst! Då var det naturleg å gjere noko med det. Sidan eg likar publisere det eg lagar, eller tek bilete av, var dette viktigaste årsaka til blogginga. Eg fekk meg ikkje til å publisere alt eg ville på facebook, for kva ville fb-vennane mine tru? Ikkje det at eg er så opptatt av det, men eg vil tru dei hadde vorte lei av alt eg la ut...


Inger`s rugbrød med;
Blåmuggost & Ruccolasalat og Cottage Cheese.



Eg har vore til og frå arbeid dei siste åra, grunna helsemessige årsaker. Det er frykteleg frustrerande å ikkje makte jobben ein er utdanna til ( lærar). Eg jobbar no innan salg, og kan styre dagen min som eg klarar. Det er eg veldig fornøgd med!


Tomatsuppe;
i favorittskåla mi frå Ona.

Dette blir ikkje berre ein bake/ matblogg, NEI!
Eg likar å styre på med litt forskjellig, og litt etter litt vil det kome fram det eg syslar med...
Eg vonar du vil vere med meg på denne "reisa".

Med ønskje om ein fin dag!
ANE

7 kommentarer:

  1. Hei du - her får jeg første ordet på en helt ny blogg ser jeg:) Velkommen som følger inne hos meg - og velkommen til bloggverdenen igjen:) Vi er mange som går litt ut og inn av arbeidsliv og sliter på forskjellig vis - for meg har bloggingen og Tingstuo hjulpet veldig på å holde motet oppe:) Vi får støtte hverandre :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gratulerer som 1. skrivar på bloggen! Kjekt at eu vart den første...og takk for gode ord! Lukke til med Tingstuo( eg kjem garantert på vitjing). Mvh ANE

      Slett
  2. Hei, kjekt å ha deg med igjen:)Som rimeleg kan vere er bloggelysta litt til og frå hos dei fleste, fjoråret vart ikkje noko stort år i so måte for min del, men eg er her enno...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eg er likevel imponert over at du får laga ei årbok! God ide!

      Slett
  3. Så kjekt! Skal legge meg til som følgar :-)

    God natt!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Sov godt, og drøym søtt!

      Slett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett