lørdag 2. februar 2013

Vinylplater


Eg
 fekk kombinert
plate-, kassett-, cd- , aux- og radio- spelar i heimen for kort tid sidan.

Stor stas å få spele vinylsamlinga!
Vinyl/ Lp har vore mykje brukt den siste tida.
Her er nokre av favorittane...

Dire Straits
 

Leonard Cohen


Simon og Garfunkel


Sist vår, fekk ei god oppleving, då Volda Vinyl presenterte klubben sin på ei tilstelling i området. 
Dei er godt vaksne karar, og samlast ein gong i månaden for å spele vinyl. 
Dei hadde rigga seg til med sofa, bord, stolar, platespelar, stålampe og sjølvsagt utvalde plater; på scena. 
Kvar og ein av dei presenterte kva dei skulle spele, bakgrunnen for kvifor dei hadde valgt den
 ( minner, kvar dei hadde kjøpt den osv.). 
So sette dei seg i stolen/ sofaen medan plata vart spelt! 
Der digga dei musikken, prata lite, og var heilt med...


Eg tenkte; kva om eg inviterer venner heim, med ei vinylplate eller to, for å berre høyre og prate om musikk?
 Litt sært, men heilt ok. 
Kanskje gjer eg det ein gong. 
Må berre høyre vår eigen vinylsamling først... 
Det er ei stund igjen, før den er fortært!

God helg, med eller utan vinyl!
ANE


7 kommentarer:

  1. Dette er jo ein genial spelar! Tenk alle vinylane som berre står og støvar, sidan det ikkje har vore nokon fin løysing på teknologien...
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar! Ja, tenk på alle dei lp`ane... For gale dei vert liggande! Det er veldig populært på loppis...

      Slett
  2. Hei, og takk for trivelig kommentar. Koselig blogg du har. Liker at du kaller deg selv en livsnyter. Vinylplater er i vinden igjen. Har hørt at de er bedre kvalitet enn CD, jeg har også mange som ligger i en pappkasse på mørkloftet. Kunne vært kjekt å få hørt dem igjen.
    Anne

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Anne! Du lyt leite fram desse lp`ane dine...so blir det skikkeleg mimring skal eg love deg ;)

      Slett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Så stilig..
    Hugsar med glede vinyl frå barndommen min.

    Fin kveld til deg :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Sigrid! Vinyl er på mote igjen...og det er berre so kjekt å høyre dei igjen...

      Slett