tirsdag 30. april 2013

Planken!

Konfirmasjonsbordet!
Slik dekka me middagsbordet, der 16 personar sat til bords...
...oss 5 i kjernefamilia, to fadderar, farmor, mormor, morfar, tante, onkel og to søskenbarn frå Trondheim,
grandtante- og grandonkel.


Planken midt på bordet har ei historie...


Eg fann denne planken i fjørasteinane for mange år sidan. Den har vorte teken vare på, i tilfelle den kunne brukast til noko...og for eit par år sidan, flytta me. 
Planken vart med, og har sidan den gongen lege ute i ver og vind, vinter og sommar...
Sist jul vart den teken inn for opptining og tørke, og oppgradert til bordpynt på julebordet i heimen.
Det var både praktisk og ganske tøft. 
Praktisk fordi ein kan sette varme panner o.likn. på den. 
Elles so er den både shabby chic ?!? og moderne.
Endeleg kom planken til nytte!



I konfirmasjonstalen kom eg til å seie noko om planken...som eit symbol på sjølve LIVET.
 Du må gå planken! Du må leve livet!
Planken har mange mange sår og ujamnheiter, nokre hol her og der, ru og fin...
Slik er livet også - livet har mange sider, og du vil møte på ein god del...
Heldigvis veit du ikkje kva...



Lysa, flaskene, blomane og stråa er menneske du møter på planken/ i livet.
Små, runde, store, tjukke, lange, tynne, - lysande ( menneske som brenn for noko dei trur på). 
Blomane er teikn på skjønnheit - i ymse former og fasongar...frå høge ranke til små og puslete
- frå alle samfunnslag, religionar, kulturar og miljø.
Møt desse med respekt! 
Du treng alle desse på din veg - av desse du møter. 
Du veit aldri kva nye menneske vil ha å seie for deg, så møt dei med respekt. 
Alle menneske er like mykje verdt!

Og det er du som les også <3

Klem frå ANE



6 kommentarer:

  1. Vakkert - både bord, planke og tale:) Sikkert godt å ha det hele i boks...;) takk for trivelig kommentar inne hos meg - og så lurer jeg på om de hosebanda skal èn eller to ganger rundt foten, og om de knyttes med knute eller med sløyfe - og hvor lange er de du lagde?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Synøve!
      Talen var lengre enn som so...men tok med berre dette om planken.
      Hosebanda vert knytt ein gong rundt( under kneet), med dobbel knute. Hugsar ikkje heilt kor lange dei var, då dei var nye. Det er ein tendens at dei vert tøygd ut i lengd ved bruk...difor er det umogleg å seie kor lange du skal knyte dei. Reknar med at mengda med garn seier kor langt du skal knyte. Elles veit dei dette på Husfliden. Lukke til!

      Slett
  2. Nydelig. Fantastisk flott bord....kreativt. Heilhet var jo bare kjempe goé.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for flott kommentar! Det enkle er ofte det beste... Det var berre gerberaen som kosta pengar...

      Slett