onsdag 15. oktober 2014

Vakuuum...Mindfulness, og litt til...


Eg er inne i eit vakum, på ein måte...
Wikipedia seier;-
Vakuum, fra latinske vakuus, «tom», er et begrep innen fysikk som beskriver et rom som ikke inneholder materie.


Sist helg reiste mannen min og eg på hyttetur, og gjekk ein herleg tur på skogsvegen der. Stille, og berre godt å vere til... 
Brått kima telefonen, og naboen varsla om Hønsehauk-besøk i hønsegarden...
Eg kunne ikkje gjere noko, men var heldig som hadde jentene mine heime <3
Dei ordna ut!

Heldigvis var det berre ei høne som døde... 

Den 4.høna <3

Korleis veit eg at det var ho, når alle fire var ganske like? JAU! Ho var den som torde mest, var den som braut ut frå dei andre... Ho var noke vidfòrige!


Godt eg har dette biletet av henne og meg...


Dette er frustrasjonen min for tida...at eg ikkje kan strikke :(
Eg har hatt vondt i handa ( etter for mykje og intens strikking ei tid...), og no har eg fått forbod om å strikke for ei stund... Eg prøvde litt i helga, og det straffa seg - uheldigvis!

Så kva kan eg gjere då? 
Eg har faktisk mykje å ta meg til med, men det har vorte eit vakuuum inne i meg...og eg får liksom ikkje gjort noko særleg. Kanskje treng eg dette no, for kroppen seier ifrå når nok, er nok! 
Men hjerna/ hovudet vil ikkje...
Då oppstår vakumet!

Eg høyrde ein storbloggar sa at livet handlar om å stoppe opp å sjå og kjenne, vere til stades her og no! 
Veit det so vel, - eg og!

MINDFULNESS!
- å leve livet no!
 Mindfulness handlar om å vere tilstades i sitt eige liv, og møte motgang på ein positiv måte. Det handlar om å vere til stades og vere oppmerksame i våre eigne liv, for å auke livskvalitet og få det betre med oss sjølve <3
No skal eg lese "Mindfulness i hverdagen", av Rebekka Th. Egeland

Eg var så heldig å bli kjent med Sølvi Helen Hopland for nokre år sidan. Ho skreiv ein song som passar so godt til dette! Songen er frå " Ein løvetann" ( cd som kom ut i 2000). 
Ho driv Ulvesund Fyr, i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane fylke.

"Her og no
ikkje der og då
skal livet levast
skal dagen delast inn i øyeblikk
Her og no
ikkje no og då
skal dagen nytast 
skal tida komme til deg bit for bit

Ein ting om gongen
ein time i slengen
som din dag er skal styrken din vere
eit steg, og så eitt til
sjå fram, ikkje bak
kvart håp har kraft til å bere
dagane inn på eit fat av sølv

Eitt ord om gongen
ei setning i slengen
blir til boka om livet du lever
Du kan ikkje kladde
må føre rett inn
med blekk, slik livsskulen krever
kvar den som lever må skrive sjølv

Konsekvensar og kontroll
kan vere stygge og snille troll
andres ve og vel
kan gjere deg til trell
framtidsfrykt og eigetrang
kan legge deg under tvang
men øyeblikket syng sin fritetssang!"

Stoooor onsdagsklem <3















2 kommentarer: