mandag 9. mars 2015

Storsjal & bursdagsfeiring



 Storsjal
Drops sitt garn
Alpaca Bouclè mix
( 80 % alpaca, 15 % wool, 5 % polyamid).


Eg ville prøve eit anna type garn i storsjala mine, 
og dette vart det meir struktur i...

Lyseblått & brun/beige.


Favoritten er likevel det eg alltid har brukt,
Drops sitt Alpaca Silk brushed.

Eg held på å "lage opp" litt ymse fram mot 50 års dagen min 31. mars <3
Då har eg invitert venner og familie til open dag, med utstilling i vinterstova mi og bålkos i hagen. Eg har bestilt bra vèr, slik at me kan bruke alle "stover" som er på eigedomen :)
Eg er så stor snart, at eg kan tore å gjere det eg har lyst til...og det er ein slik dag. 
Eg er ikkje so "god" på å dekke rundt bordet, og sitje der med inviterte gjerster. 
Likar best når det skjer noko...
Difor blir det ein litt annan bursdagfeiring enn vanleg <3

Korleis gjer du det med slike store dagar?

Ha ei fortryllande veke <3

ANE

2 kommentarer:

  1. Stort og deilig vart i alle fall sjalet, og fargen er vakker! Det irriterer meg at eg ikkje får med jibbersdagsfesten din, men du finn no stadig på ting som er spanande, så då får eg vente på neste "sprell" frå deg i staden:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Strikkebesta❤️Du er alltid velkoma hit😃kos deg der du er👍klem

      Slett