lørdag 2. april 2016

Sølvbryllaupsdag

25 år
Sølvbryllaupsdag
30.mars


Slik såg me ut for 25 år sidan...


...og me ville gjere dagen litt spesiell... 
Me hadde ikkje høve til å reise langt vekk, i dagesvis, 
men ein dagstur med 
kunne me alltids koste på oss <3
Tur/ retur Torvik - Molde


Ut på tur, aldri sur...og alltid med eit strikk for handa... 
...så eit Storsjal på pinnane vart med i handveska ;)


I Ålesund vart skuta MS Vesterålenl  liggande i 3 timar, so då nytta me høvet til ein skikeleg Hurtigrute-lunsj...og me var ikkje på land i det heile teke...
 Me sat på soldekk og var skikkelege turistar :)



Kor spanande det er å reise langs den kjære kysten vår på denne måten...
Det vart lite strikking, og mykje kartstudering... Så rart å sjå kjende stader frå sjøsida...
Eg skal verkeleg reise heile kysten ein gong...( når eg vert rik)...for dette er topp :)


I Molde gjekk me på land, og fekk god tid til å sjå kjende stader... 


I Domkirke-parken fekk me dette fine synet - 
Krokusar i hopetal <3


Bjørnsonhuset Seilet Hotell


...idet sola går bak fjellet <3


MS Nordnorge på returen :)
Du verden kor rart det er å sjå den same leida/ruta i mørket...


...og den flotte "brudebuketten" frå borna, 
når me omsider kom heim seint på natt ( til torsdag 31.mars - og min bursdag)

Ein annleis onsdag <3

ANE


2 kommentarer:

  1. GRATULERER!!
    FOR EI FLOTT OG STILIG FEIRING!
    NESTE ÅR HAR VI 30ÅRS, SKAL TRU KVA VI SKAL FINNE PÅ..

    SvarSlett
  2. TAKK <3 Veldig kjekt med "dagar" <3 klem

    SvarSlett