søndag 23. oktober 2016

Haust, kajakkturar og båtliv

I haustferien tok jentene mine og eg ei opprydning i naustet til foreldra mine... og løn for strevet vart å låne båten deira nokre timar

Mannen min og eg har kvar vår kajakk...
noko som har vore svært lite brukt siste året pga helsemessige ting...

I dag våga me oss utpå, begge to...teste ut om kroppen heldt osv...

Det vart ikkje lange turen, men du verden kor flott ein kan ha det - kortreist!




Jentene i fint driv mot målet - Vedøya


Tørr og fin ved...


...og pinnebrødet var nauta godt...


Idyllisk <3


 Kakao på termos og nokre kylling/kalkun pølser...


Roffen


Eit lite hundekyss <3


Veka etter, fekk eg invitasjon av ei dame, til å slå lag - ein onsdag.
Eg tok ut, og dagen var magisk...
Vikja låg blankstille...lauva på trea låg heilt stille på sjøoverflata...
Det er ikkje ofte!


Ved Kristofferholmen i Herøy kommune...


Lunsjpakken og drikkeflaska var med...og dermed stranda me på Kvitøya for ei kvild og ein prat...


Ein kjenning slo lag ved Storøya...


Ein utruleg vakker og fredfull padletur <3


Neste tur tok eg åleine...


Etter ei runde rundt Botnavikja ( Ulstein), kryssa eg over til Kvalneset...som her på bildet.


Langs Garnesstranda låg dette naustet so og seie nede for teljing...


Neste naust låg godt kamuflert, og soleis plassbygd


Her er eitt av dei vakraste på ferda i dag...


Eg nærmar meg Dragsund...


...og fòr lett med straumen under brua. 
Det kom heldigvis ingen større båtar...
Då er eg litt pinglete...


Innom ein våg...på fjøre sjø...
Eg likar meg best på flo sjø...for då kjem ein innom alt som er å sjå...


Fabrikkane på Hestholmen, i skuggane...


...og Kjeldsund Leirstad.
Ei perle!


Under brua i Kjeldsundet, vidare innover "Kjeldsundholmane" ( dei heiter sikkert noko anna...)


Her rundar eg Bakarholmen, og ser Haddalbygda, Garnestua til venstre bildekant, og Kongsvollen til høgre, med Blåtinden endå lenger til høgre for bildekanten. 

Vakkert!


Eg bestemte meg for å avslutte turen, og avtalte henting ikkje langt frå Håheim.
Kjekt å kunne gjere det på denne måten, så slepp ein starte og avslutte turen på same stad kvar gong...
Tusen takk til mannan min, som bringa meg til Botnen, og henta meg på Håheim <3


TAKK FOR TUREN!

Eg er bra heldig som kan gjere dette...litt egoistisk vil kanskje nokon synest...

Eg veit at det å ta vare på helsa er min viktigaste jobb, og då får dei rundt meg det so mykje betre ( ilag med meg)... 

Det blir ikkje lenge til neste tur <3
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar