mandag 2. januar 2017

Kjoleåret 2017


#Kjoleåret2017

- blir du med?


Eg fekk brått ein idè...

Eg fekk lyst til å bruke kjole, meir enn eg til vanlegvis gjer
 ( og eg brukar mykje kjole, altså...). 
Eg har nesten ikkje bukser, men til gjengjeld har eg ein del kjolar og skjørt...

Derav tok eg til med "vareteljing", og kom til at eg hadde 22 kjolar hengande i klesskåpet mitt...



Det var på 1. nyårsdag ideen tok form, då eg sat i god-stolen med strikket mitt, og med ein av favorittkosekjolane mine på...
På pinnane hadde eg - ein ny Morskosekjole. 

Eg fann den på Instagram - under @guttenogstrikkemor




Eg har strikka ein før, til eine døtra mi - og fekk lyst på ein til meg sjølv også...iallfall fall eg for freistinga litt før jul, å kjøpe inn det deilege garnet Air, frå Drops Design...
 for eg hadde forelska meg i fargen brunoransje ( nr 13). Morskosekjole er eigentleg strikka i eit anna garn, men sidan eg hadde strikka Morskosegenser i dette garnet, gjekk eg for det same til kjolen...



Som de ser på bildet over her, er eg i gong med å brodere bunad - #minbunad
Eg har to Instagram - kontoar...
om du vil følge @anitanese og @aneogstorsjal

Ei av dei interesserte på Instagram, sa ho ville vere med dersom nattkjole var godkjent...

...

Bli med på #Kjoleåret2017,
anten du er på Instagram eller ei ;)

Bruk kjole/ skjørt - litt kvar dag i 2017

Godt kjoleår 2017 ;)

2 kommentarer:

  1. I går gjekk eg rundt i pysjen til eg skulle legge meg, då tok eg på meg nattkjole.
    I dag har eg brukt den marineblå kjolen på jobb, så då er det full pott så langt i år:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gode greier ;) fortset slik, så er det brått 2018 :) :) :)

      Slett