torsdag 6. september 2018

Naturen gjer deg frisk

JA!
Tara er eit magasin for kvinner over 40 - og har mange gode artiklar...
Innhald i Tara.
Det er ikkje ofte eg kjøper slik luksus, men vart freista av det denne gongen - 
der temaet var m.a.
"Bli frisk av naturen og i naturen".

Det viser seg at magasinet har ein heil "Helseserie", og i utgåve nr. 12: "La naturen helbrede"!

Dei listar opp 6 punkt med kva naturen gir oss, og gode råd. 

1 - "Beroligende bare å ha naturen i næreheten"
2 - "Skogsbading reduserer stresshormoner"
3 - "Å bo i naturen forlenger livet"
4 - "Å være i naturen forbedrer både søvn og trening"
5 - "Du blir fortere frisk i naturen"
6 - "Bruk naturen mot depresjon"
OG
 4 snarvegar til meir natur i livet.
Haustsol
Eg har sjølv erfart alt dette, og kallar naturen for GRØN RESEPT!

Uthuset
Naturen er beste medisin for det meste, og eg brukar naturen kvar dag - spesielt fordi eg har hund, og Roffen likar seg svært godt på tur. Han har mang ein gong fått meg til å smile, når smilet ikkje var der...og eg har ofte komt heim frå tur med ei ny innsikt enn den eg hadde før eg for på tur <3

Ha ein fin torsdag <3

Klem frå fruANE


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar