søndag 27. januar 2019

Kunsten å leve livet

Eg kallar meg for akademisk livsnytar!
***
Ein psykolog sa til meg ein gong for mange år sidan "Du skulle kalla deg akademisk oppvaskar". Eg arbeidde ei stund som vertinne, og hadde mange oppgåver...deriblant å vaske opp. Det var så godt å rydde opp, og sette oppvasken i maskina... Han synest tittelen passa så godt! 
No er eg ein akademisk livsnytar!
(akademisk, fordi eg har akademisk utdanning)


Eg elskar å brenne bål,
og luktar veldig ofte "bål" :)


Eg synest det er kjekt å "dandere"
tinga eg lagar, på ulikt vis :)


...som denne, i ein utslagsvask, og
som heng på uthusveggen...


...eller på ein "pidestall" i gangen...


Frå Instagram;

"Har du høyrt"?, sa den eine til den andre...
***
Tenkjer me over kva som blir sagt til kvarandre? Treng det seiast, og kva om me framsnakkar, istaden for det motsatte? "What a wonderful world..."❤️ #framsnakking #gleding
***
#handstrikka #storsjal #egendesign og #enrica #lue i#dropsdesign - #dropsbrushedalpacasilk 😊 til sals i mange fargar 😉😉😉enkeltvis eller sett...

***

Psssst...desse "tinga" er for salg...og du finn det på Instagram-kontoen @aneogstorsjal

Det er sjeldan eg "berre" blir sitjande å sjå fjernsyn, utan ein plan...men då som oftast med eit strikk mellom hendene.
Denne søndagen var spesiell, fordi eg "datt" innom to program heilt tilfeldig. Eg hadde sett handballfinalen mellom Norge og Danmark, der Danmark var desidert best. Eg har ikkje sett på dei andre handballkampane, og er ikkje så interessert i å sjå på sport, så då kanalverten introduserte "Gråtende hender" på NRK2, slo eg over dit...
Du finn den her
... en komplett forestilling, sterk, bevegende, viktig og nesten helt uten sidestykke i norsk teater. Jeg nøler ikke med å si: Den burde vises for alle elever i videregående skole. Vi har ikke tid og råd til å la være.


Julerose - har kunsten å leve...


Eg ser Les Miserables kvar søndag kveld...og vart sitjande etter det... 
Neste program starta - 

Noen av Norges mest populære og anerkjente kunstnere deler personlige historier om kunsten, livet og veien til suksess.
***
Kari Steihaug utdannet seg til tannlegeassistent, men innså feiltrinnet. Nå leter hun etter det utslitte og etterlatte og viser oss hva som virkelig har verdi. Steihaugs verk forteller om generasjoner og arv, ivaretakelse og fornying. Kari Steihaug tok i mot oss i sitt atelier på Hovedøya. 


Dette programmet gjorde også inntrykk på meg, og sette i gong prosessar... Eg burde ikkje legge meg, for "det" var noko som måtte ut... Eg har eigentleg alltid hatt eit behov for å uttrykke meg på ymse vis. Difor er eg glad for å ha denne bloggen, ein arena der eg får uttrykt meg med bilder og tekst av det eg held på med. Det fine med blogg er at det er ingen som fortel kva du skal, eller ikkje skal...


 Dette bildet viser starten på Årsteppet - 
eit prosjekt der eg heklar ei rad for kvar dag i året - 
og bursdagar til familie og venner vert uttrykt med ein annan farge...


Dette prosjektet er noko eg held på med på hytta - 
eit restegarnprosjekt - 
log cabin strikketeknikk


Sidan småfuglane skal teljast denne helga, 
legg eg ut bildet av dei strikka fuglane eg hengde ut...

Ha ei kreativ veke <3

klem frå fruANE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar