fredag 11. oktober 2019

MAMMA

Mor mi døde i går <3

...og ho fekk ei svart stripe med sølvgarn i årsteppet mitt <3


Den siste tida har vore magisk <3
Ei hand å halde i...


Takknemleg for slike dagar <3 mormor & barnebarn i trygt og godt fellesskap - med gode minne, historier, gledestårer og tårer med sorg <3 <3 <3 

Ho var på bedringens veg, etter ei veke med lungebetennelse, så då gjekk eg fjørelangs <3

Mamma har vore eit arbeidsjern heile livet, men vart sjuk for ein del år sidan, av kols - ein alvorleg lungesjukdom, som sette livet hennar på store utfordringar.
Prøv å puste inn og ut av eit sugerør, og gå opp trappa nokre etasjar... Då har du omlag den opplevinga mange kolspasientar lever med.
Etter eit hjerneslag for omlag tre år sidan, som for henne gjekk bra - men reduserte matlysta til eit minimum, gjorde at ho vart tynnare og svakare.

Spesielt siste året har me sett kor kreftene har teke på, og det har vore mange utfordringar.

TID er eit vidt omgrep, og det er vanskeleg å tidsetje ting i ettertid...
Ho har hatt eit godt samarbeid med sjukeheimen og pappa, slik at ho i bra perioder har budd heime <3 og me som har vore rundt dei, har vore flittige og gode på våre område <3

Siste månaden har vore kritisk, og ho og alle rundt henne har kjent på ei tryggheit å ha henne konstant på sjukeheimen. Der har me vore velkomne når som helst...

Når ein er så langt nedpå, er all form for infeksjon farleg, så få ho fekk påvist lungebetennelse var me sikre på å miste ho <3 
To hender i mi eine <3

Etter ei veke med Penicellin kvikna ho til att, til alle si store overrasking - ikkje minst ho sjølv, men det var kortvarig, diverre. Siste veka har det berre gått nedover, og me har vore samla rundt henne så og seie døgnet rundt. 

Ho ville ikkje døy åleine <3 

Me sat rundt henne, alle som kunne av oss, og eg holdt hendene hennar i mine, då ho drog sine siste pust <3

Mamma og Roffen, på Gåsneset for tre år sidan <3
TAKK FOR ALL KJÆRLEIK!

Ta vare på kvarandre <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar