torsdag 12. desember 2019

Ein annleis julemarknad

Eg hadde eit ønskje om å skape ein annleis julemarknad. 


Då eg ikkje kom meg avgarde på den årlege julemarknaden på Hakallegarden, vart det til at eg rydda "trimromet"... Flytta ut tredemølle, trimsykkel og andre treningsrelaterte remedium. 
Yngstejenta var med på å rydde, og flytte inn marknadstinga mine. Eg bestemte meg for å ha "minimarknad" to dagar den komande veka, tysdag og torsdag, 15 - 19, begge dagane.
Eg visste at det allereie var eit metta behov, men eg kjende at mitt behov var sterkare. Med stor sjølvtillit og pågangsmot laga eg eit arrangement på facebook.
Av mine 181 venner, inviterte eg i overmot 106 personar, som budde ikkje langt unna, relativt...og som eg tenkte kanskje kunne vere interesserte. Av desse 106 var det 5 som trykte "skal", 12 som trykte "kanskje" og 7 som melde dei ikkje kunne kome. Av desse igjen var det 28 som ikkje hadde sett invitasjonen. 

Det skal seiast at eg har fått mange gode meldingar frå dei inviterte, som av ymse årsaker ikkje kunne kome. Eg set pris på å få ei tilbakemelding!Er det ikkje vanleg å gje ei tilbakemelding når ein får ein invitasjon? Eg trudde det ;)

Forutan dei tinga eg hadde laga for å ha med til Hakallegarden, hadde eg ei utstilling av årsteppe2019, med alle minnedagar/ bursdagar/ merkedagar...der dei som kom, kunne finne sine dagar i årsteppet, og sjå korleis det såg ut, så langt i året ( nokre få dagar att...). Det vart gløgg/ peparkaker / glutenfrie småkaker/ sjokolade/ mandarinar og konkurranse på å finne englar ( som var plasserte i utstillinga - for å skjerpe sansane ), og det var høgtlesing frå "Snøsøsteren" av Maja Lunde/ Lisa Aisato.

Psssst! Det var 12 englar som hadde stilt seg på utkik i utstillinga ;) ;) ;) ikkje 10, 11, eller 13 :)

Det kom nokre vakre sjeler...og utan å røpe kor mange som faktisk kom, har eg hatt dei mest lærerike kveldane i mitt liv <3 

Det er ikkje tull!

Eg fyller meg med takksemd som faktisk torde å gjere dette <3 Eg kjenner på ei takksemd for dei som kom med heile seg, og for dei som gadd å sende ei melding <3 

Eg skapte ein annleis minimarknad for dei som kom <3

Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar