fredag 11. september 2020

Husmorferie

Eg har vore på husmorferie - i over ei veke! 
Det er omlag 5 år sidan sist... Då var eg også saman med Perdis! Denne gongen på ei hytte på Hallangen, ikkje langt frå Drøbak. Heldige meg <3

Er det vanleg å ha "husmorferie" eigentleg, eller kva kallar de det, når de er borte frå familien?

Eg har iallfall hatt ei vidunderleg veke, i nydeleg haustver (les seinsommarver), 
der det var sol og godt over 20 varmegrader kvar dag <3


Allereie første dagen samla me tussilago farfara-blad (hestehovblad) - og la til tørk i skuggen.


Neste ettermiddag limte me blada med hovudsida inn på ein glaskuppel, med tapetlim. Det fine med desse blada er at dei kan strekkjast utover...og ein limer blada litt opp-på kvarandre, slik at heile kuppelen blir dekt. Smør eit tynt lag med tapetlim over det heile, og set til tørk.


På ein av turane våra sanka me greiner av humle, nype, furu og eik.


Humle


Nype


Eik


Furu


Og med utsikta frå Toppen (der hytta ligg), hadde me mykje moro med ein fotoseanse...



Eg lærte ein ny hekleteknikk...



På rusletur i Son


...og ein tur innom sjølvaste Dørnbergerhuset  
der kunstnaren Carl Dørnberger budde og malte.

Det var nesten uverkeleg det som skjedde... Dei to kunstnarane som bur der no, heldt på å gjere ferdig bilder til ei utstilling i Galleri Soon, og me fekk privat omvisning. 

Ei ære å snakke med desse karane Teppo og Arne


Borte bra, men heime best!

Rart med det, men å kome heim til dei ein er aller mest glad i - er det beste på jord <3

Eg har vore på "lading" - og kan gå hausten gledeleg i møte med halvfullt glas - og berre du sjølv kan bestemme deg for om glaset skal vere halvfullt, eller halvtomt ;)

Lukke til <3

Klem frå fruANE


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar