torsdag 7. februar 2013

Kofter


Eg har følgt koftejakten på 
 Det har inspirert meg stort, og no har eg leita fram mine gamle oppskrifter, som eg har fått frå mor mi. 
Ho strikkar mykje den dag i dag, og lagar so mykje fint. 
Heldigvis strikkar eg også...
og denne kofta ( under) 
er ei av dei eg har...


Av ein eller annan grunn får eg ikkje kofta på rett veg, men det gjer ingenting om du vrir litt på hovudet?


Det rare er, at eg ikkje finn oppskrifta... 
Eg som har sånn bra system i sakene mine, hmmm...


Dette mønsteret har sett sine beste dagar, 
uheldigvis, 
men det er tapa saman etter beste evne...
Er det nokon der ute, som har oppskrifta inntakt?
Det heiter "Volda"


Eg har tenkt å kome med eit og anna bilete av gamle oppskrifter på kofter.
Har du ei kofte eller ei oppskrift frå fjerne tider?

Ha ein fin dag!

ANE

11 kommentarer:

  1. Flott kofte, håper du får tak i oppskrifta igjen.

    Eg har et bilde av meg og pappa når eg er liten, der har pappa ei fin kofte, den skulle eg gjerne hatt oppskrifta på.

    Får vel begynne jakten med å spørre mamma.

    Tusen takk for hyggelig besøk hos meg.
    greitt for da fant eg bloggen din også.

    God Helg! Klem,

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!
      Så koseleg! Håper du finn den kofta...eller oppskrifta. Gull verdt!

      Slett
  2. Så gøy at andre lar seg rive med av Koftejakten også! Jeg har ikke så mange oppskrifter selv, men har begynt å samle. Og det er jo så gøy! Her har du to fine kofter. Vet du hva den øverste heter? Den er fin og det er også Volda på mønsteret under. Synd mønsteret er så slitt.. Kunne godt tenkt meg det mønsteret selv :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk koseleg kommentar!
      Eg veit diverre ikkje kva kofta heiter, for eg kan ikkje finne att dette mønsteret... Dumt! Eg vonar nokon av lesarane kanskje har den?
      Volda-mønsteret er veldig fint! Mamma strikka denne kofta til seg sjølv, pappa, bror min og meg, då me var små...i ulike fargar. Det var ofte slik, at eei familie hadde same kofta, men i ulike fargar.

      Slett
  3. Ja, det var jo litt koselig at hele familien hadde samme kofte, men litt av en jobb å strikke alle! Kan jeg få lov til å lagre bilde på min Pinterest side her: http://pinterest.com/gittebettina/old-norwegian-knitting/
    Har begynt å samle og utveksle oppskrifter med andre, synes det er viktig at de gamle oppskriftene ikke går tapt. Har noen av oppskriftene hvis du er interessert.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så gøy! Ja,klart du får... Kjekt å få vere med på "samlinga", og fleire kjem etterkvart!

      Slett
  4. Det er gøy med gamle oppskrifter. Så mye fint! Jeg har akkurat strikket en kofte med oppskrift fra 70 tallet. Det er en mye enklere kofte, ihvertfall mye mindre mønster.

    SvarSlett
  5. Kjekt! Og takk!
    Ja, det er sååå utruleg mykje fint i kofteverda også...
    Såg ein mann på basar sist laurdag, og det var nummeret før eg spurte om å få ta ilder

    SvarSlett
  6. Hei Ane! Du har ikke tilfeldigvis funnet dette mønsteret? Jeg kjenner en som gjerne vil strikke denne. Jeg har også funnet Volda mønsteret om du ønsker det (men det har jeg kanskje gitt til deg allerede?)

    SvarSlett
    Svar
    1. Beklager, nei eg har ikkje funne det... Eg har nok lånt det ut ein gong for mange år sidan, og ikkje fått det att. Eg hugsar ikkje! Eg vil gjerne få eit komplett "Volda"-mønster, takk! Mvh Ane

      Slett
  7. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett