onsdag 1. april 2015

STORFEIRING

50 års dag, 
utstilling i vinterstova og bålkos i hagen!


 Eg er litt rar, har alltid vore det... 
No når eg endeleg skulle feire 50 års dagen min, 
kunne eg gjere meir som eg hadde lyst til,- 
og det var å invitere venner og familie til ei litt annleis bursdagfeiring. 
Eg ville ha mange innom, og slik vart det. 




                                                               I alt 50 personar kom,
var der nokre timar, 
og gjekk - frå kl 12.00 - 24.00 denne dagen <3 

Veret såg ut til å bli dårleg, så me sette opp lavvoen.
Slik fekk me prøvekøyre bålbrenning i bålpanna inni lavvoen eit par dagar i førevegen. 

Det vart ein suksess med pølser, pinnebrød og marsmellows...
Har nokon prøvd 2 stk Mariekjeks, og ein grilla marsmellows innimellom?
Nathalie lærte meg kunsten...



Innandørs var det ei stor brennsnut-panne,
laga av mor og far min <3
den holdt heile dagen + middag neste dag :)



Dessutan var det mange slags kaker,
skillingsbollar og kjeks...
dessertar og frukt,-
litt for ein kvar smak.


Folk gjekk ut og inn etter som dei ville,
og vart verande i fleire timar.
Veldig triveleg!
Nye og gamle bekjentskap vart til gode og livlege samtalar :)
Som vertinne var det vanskeleg å nå alle på ein skikkeleg måte, men eg fekk prata litt med kvar enkelt, noko som var viktig for meg <3

Eg hadde ønska meg ein god klem frå kvar og ein...
 Eg vart so overvelda av gåvene...
at det går an <3

Utstillinga i vinterstova!

Påskebordet,
med strikka og tova kjuklingar.
Akvarellar med ymse innhald.
Akvarellar frå serien "Mø"
Handstrikka storsjal
Tvoger

Eg ønskjer alle lesarar ei god påske!


Eg hadde ein strålande dag,
slik eg ville den skulle vere <3

ANE

2 kommentarer:

  1. Kor kjekt at du fortel om feiringa her, så fekk eg også delta litt:) Eg kjem ein dag med jibbersklemmen til deg, blir du heime dei første dagane, eller har du andre planar?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk😃eg vonar å invitere deg på ein strikkekveld snart 👍 skal til Spania neste veke☺️

      Slett