torsdag 28. mai 2015

Ny diett

Status!
Etter nyttår vog eg altfor mykje( over trivselsvekta mi), og tok affære...
Eg fauk på med "godtestopp" tidleg i januar, og det gjeld visstnok endå ( for meg ;)
Eg gjekk daglege turar, var bevisst på kva eg åt, og trena styrke eit par dagar...
Vekta gjekk ned :)
Eg hadde klart 5,5 kg til 50 års dagen min , og 5 kg var målet...
Eg var stolt over meg sjølv :)

Eg fekk
Berit Nordstrand
-bok i gåve,
og gjekk på med ny dyst...
Ikkje vanskeleg i det heile teke, berre kjempegira ;)

No skal det seiast at eg har slite med helsa i mange år, og er per i dag 80 % ufør.
Det var tøft for meg å bli det, men kroppen klarte ikkje meir... :( :( :(

Eg vil gjerne ha ein 20 % jobb <3

Eg får bruke mine kreative sider, og deler gjerne her på bloggen, eller Ane -sida mi på FB
Du er velkomen til å følge meg :)

Så!
Tilbake til overkrifta...dietten :)

Glutenfritt <3


Nøttebrød;
- av egg, olivenolje og diverse frø/ neter/ kjerner


Frokostblanding


Valneter, hasselneter, mandlar, graskarfrø, solsikkekjerner, sesamfrø. linfrø, usalta peaneter, rosiner, mørk sjokolade, kokos, glutenfri havregryn, honning, olivenolje...
og endå fleire typer  frø/neter/kjerner, 
vips så har du verdens beste 
frukostblanding og frøbrød i verden <3

Eg var til Osteopat sist veke...

Eg ville prøve noko nytt, sidan eg hadde gått hjå kiropraktor og doktor( sjølvsagt), ei årrekkje...

Ho var grundig, og undersøkte meg godt...
Eg skal tilbake etter ti dagar, og har fått heimelekse:
* ligge på golvet i 10 min. med handduk bak skulderblada
* glutenfri mat
* mjølkefrie produkt
* drikke 2 liter vatn per dag
Det går bra med dietten so langt ( ei veke i dag)!

Andre som har prøvd Osteopat, evt andre alternative behandlingsformer?

 Ha ein fin torsdag :)

ANE

2 kommentarer:

  1. Hei, til deg som les kommentarar ;)

    Eg har per i dag ikkje fått nokon kommentar på innlegget...og det er kanskje at du ikkje veit kva du skal skrive - ok. Det er vanskeleg å opne seg om slike uføreting... Eit vanskeleg tema!

    Eg ønskjer deg ein nydeleg jonsok! Eg skal vere saman med familie og venner, og brenne bål <3

    SvarSlett
  2. Hei igjen! Har ytterlegare gått ned tre kilo... Hadde eit tilbakefall på dietten, og fekk ein sterk reaksjon. Eg hadde fått i meg litt feil mat( uvitande), og vart både stiv i kroppen, frykteleg vondt og magen var som ein oppblåst ballong... Vil ikkje gjere dette med vilje, iallfall ;) Har vore "flink" og trena "planken" nokre veker...Det gir resultat på indre muskulatur :)

    SvarSlett