mandag 29. juni 2015

Midtsommardagar i Norddal


Norddal, - ei ven lita bygd langt inn i Storfjorden.

Bygda sett frå Engset/Dale, på ein traktorveg...
Du har sikkert høyrt om denne fjorden, og den har mange "armar"... Ei av "armane" går til Norddalfjorden, vidare til Tafjorden. Ei anna "arm" heiter Synnylvsfjorden, vidare til Geirangerfjorden.



Mannen min og eg tok laust med bobilen, seint fredag ettermiddag, parkerte på Relling Camping, like bak det flotte Petrines Gjestgiveri, der mykje av arr. var.

Me rakk diverre ikkje opninga av utstillinga "Green Nelly" i Paktarstova, eller konsert i den vakre Dale kyrkje med Daniel Kvammen. Me rakk sola, då ho gjekk bak fjellet <3
Utpå kvelden fekk me lag...fole kjekt å dele opplevingar.
Laurdag morgon skein sola frå skyfri, knallblå himmel. Godt innsmurde med solkrem, og lettkledde, gjekk me "Gardimylljå", med første stopp i
Olegarden

Eigen gardsbutikk,
med gardsfrua Synnøve bak skranken :)
Heimelaga bringebærsaft...mmm...
Ein av utstillarane


Me kjøpte desse tresleivene...

Me løyste denne billetten,
og kunne nyttiggjere oss av el-bilane.

Me gjekk!


Mykje kjekt å sjå...


Lekkert!


God idè...


Her kunne eg budd...


 Nyslegne atteleger...mmm...nydeleg lukt!



Paktarstova


Frå utstillinga "Green Nelly" - nøysame Nelly og andre damer...


"Arven etter Nelly Veiberg på Severinbrauta er ikkje berre eit stort tekstilmagasin. Det er også ei historie om å ta vare på det ein har - med audmjuk og kreativ hand. Den same historia finn vi i dag att på Eidsdal skule, der sju jenter har valt faget design og redesign. Saman blir desse damene ei berekraftig, trendy og "grøn" historie. Green Nelly er eit delprosjekt i Grøn Bygd, eit arbeid for berekraftig bygdeliv".

Sjå berre her; Severinbrauta ...
...og her Green Nelly


Deileg med kaffi og litt saft...bringebær, sjølvsagt.
Bygda er kjent for sine mange og deilege bringebær...


Ingvild Hansen Nystad sel flotte saueskinn,
av gamal-norsk spelsau,-
som her fekk nye eigarar ;)

Ingvild og mannen, Martin Nystad held til på Fjellgarden Gjæra;-
m/ trykk og brygg.
Nokon som hugsar dama på rattkjelke, i Norge Rundt for nokre år sidan?
Ho kom frå garden her, ettersom eg har forstått ;)


Bildet er frå Ingvild sin profil på facebook ;)


"DE HELLIGE KONG OLAV OG PROFET ELIAS",-
patriarkatet av Georgia-det patriarkale-stavropegiale kloster


Nonnene selde eigenproduserte ting...


...og omvisning vart det også...




Den gamle Prestegarden ...
så det vart vel nonnene som fekk "prøvebu"?


Lukka er ein veg som denne...


...nesten som ein Pilgrimstur <3


Vakkert!


Fjordingar på beite!
Dei må vere verdens lukkelegaste...


<3


...den desidert lukkelegaste, som fekk klapp <3


Kje - killingar - geiter


På Melciorgarden
fekk ein kjøpe alt som har med geit å gjere,
av ymse variantar
+ saft og sylte av bringebær...


Lukkelege geiter <3


Her kunne ein få kjøpt Rjømegraut...


Sidan eg er på "diett", utan gluten og mjølkeprodukt :(
so vart det eit skikkeleg laksemåltid på
Petrines Gjestgiveri :)

Dermed er denne rundturen i Norddal slutt,
men du som har lese dette,
kan satse på å ta turen til Norddal neste år :)


Det var mykje meir på programmet i Norddal, 
men me reiste vidare...
til Geiranger <3




...med trappetrinn langs den store elva til
Norsk Fjordsenter og Verdsarvfjord



Geiranger Bakeri




...over fjellet til Djupvasshytta og Dalsnibba



...over fjellet til Hjelle og Stryn...



Gamlebutikken på Hjelle



...med kaffipause og nyting...



"Heim, kjære heim"...
"Borte bra, men heime best"




Aldri ein søndag utan ei stund i vinterstova,-
min oase <3

Ha ei god veke då du :)

ANE

1 kommentar:

  1. Heisann! Veldig kjekt at så mange les bloggen min <3 Ny rekord på dette innlegget :) Legg gjerne igjen ein kommentar,- då vert eg endå gladare ;) ane

    SvarSlett