fredag 11. desember 2015

Julemarked


Englar <3


Denne engelen over, til høgre - 
den "berga" meg eingong...
Heilt sant!

Eg var laaangt nede, og vart liggande å sjå på denne engelen...
...så "kom noko til meg", 
på ein måte...


Eg vart inspirert på eitt vis, fekk sjå "lyset" i tunnelen eller noko liknande...fole rart og FANTASTISK på same tid...


Eg traska meg ut i "hønsehuset", og fann fram hesjastrengen...begynte å "leike" meg med den, og fann ut eg skulle lage "hesjastrenglar" ( det var forresten eldste døtra mi som "døypte" dei for "Hesjastrenglar"). Genialt!


Sidan då, har hesjastrenglane følgt meg, og maaaange har kjøpt eller fått dei i gåve frå meg...kvardagsenglar som eg omgjev meg til dagleg, eller berre av og til... Dei er der ute, desse kvardagsenglane, blant oss <3


Sist helg reiste eg til Tore-Garden i Leivdal, ikkje langt frå Nordfjordeid. Hesjastrenglane mine vart med på ferda...


                                                            ...og nokre akvarellar...


... og STORSJALA mine.


I morgon set eg kursen til  Julemarked på Hakallegarden

Eg er sååå takknemleg for "synet" eg fekk...

Ha ei nydeleg helg, kjære lesar <3

Go`klem frå ANE

2 kommentarer:

  1. SÅ FLOTT!
    EG HAR EIN ENGEL SOM FØLGER MEG..

    FORTSATT GOD ADVENT :-)

    SvarSlett
  2. Takk, me er heldige som har englar rundt oss...og så heldige me er som ser dei... klem

    SvarSlett