mandag 15. januar 2018

Kven er du...

Kven er du som les bloggen min?


Eg høyrer av og til at nokon seier dei les bloggen min, og det er kjekt...og frykteleg skummelt.
Dette er folk som eg ikkje trudde hadde noko som helst interesse for å lese eller sjå det eg skriv.

Men TAKK!

Eg kan sjå kva land lesarane mine kjem frå, og sjølvsagt er det mest frå Noreg, naturlegvis...men eg har lesarar frå Russland, Tyskland, Irland, USA, Spania, Frankrike, Ukraina, Vietnam. Skal tru korleis dei finn fram, og om dei forstår noko av det eg skriv? Kanskje dei berre ser på bilder, frå FAGRE NOREG <3

Eg kan dessutan sjå kva nettlesar eller operativsystem lesarane mine brukar... Det er ikkje so interessant for meg.
Eg kan også sjå kva for eit innlegg som er mest sett/ lest... Og ikkje heilt overraskande, er det om Kofter
Gamle kofter
( sjå gjerne det innlegga  frå 2013)

Då eg starta bloggen, var det for min eigen del...ein stad der eg kunne legge ut noko, utan å bli kritisert... Eg vurderte ha ein anonym blogg, men den ideen tok eg fort avstand ifrå.
Målet mitt vart "å dele det eg kjende der og då".

Så; velkomne til det eg deler i 2018 <3
klem frå fru ANE








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar