lørdag 18. juli 2020

Gjenforening

Jonas vår, og Sisi frå storbyen Shenzhen i Kina gifta seg 23.august 2019...
...og det har gått ca 10 månader sidan den gong...

For omlag ein månad sidan, fekk ho immigrasjonssøknaden innvilga <3 

Sidan korona og diverse andre årsaker har det teke tid, kom ho til Gardermoen, og dei TO vart gjenforent <3 og ei stor glede for alle rundt dei sjølvsagt <3 

Eg strikka like genserar til dei sist haust, då mamma låg sjuk. Ho gledde seg over at gensarane tok form, og spurte stadig etter Sisi, om når ho kom... Diverre rakk dei aldri kvarandre :( 
Setesdalsgenser



Sisi <3 Jonas    Jonas  <3 Sisi
Ho kom tysdag kveld, og då går dei 10 dagar i karantene, før me får klemme i veg...

Kjenner meg takknemleg som har ei slik hjartegod svigerdotter <3

Klem frå fruANE<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar